Kvitholmen fyrstasjon

(Omdirigert frå Kvitholmen fyr)

Kvitholmen fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein liten holme nord for Hustadvika i Hustadvika kommuneNordmøre.

Kvitholmen fyrstasjon

Fyrtårnet og husa ved fyrstasjonen.
Foto: Danckert Monrad-Krohn, Riksantikvaren
FylkeMøre og Romsdal
KommuneHustadvika
FunksjonLeifyr
Oppretta1842
Koordinatar63°1.3813′N 7°14.1068′E / 63.0230217°N 7.2351133°E / 63.0230217; 7.2351133
Fyrtårn
Høgd12,2
FormLyktehus på søyle
ByggjematerialeBetong (gamle tårnet var bygd med gråstein)
Fyrlys
LyskarakterOkkulterande kvart 6. sekund
Lyshøgd25 moh.
Lysvidde17,5 nm
Status
EigarStaten
Automatisert1990
Avfolka1990
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Kvitholmen fyrstasjon
63°01′22″N 7°14′06″E / 63.02277778°N 7.235°E / 63.02277778; 7.235
Kvitholmen fyrstasjon is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Kvitholmen fyrstasjon

På stasjonen står eit 12 meter høgt tårn av naturstein. I dag er det ikkje lyktehus på tårnet og fyrdrifta er erstatta av ei fyrlykt like ved. I tillegg til fyrtårnet bestod fyrstasjonen av eit lukka tun med maskinhus, bustader og uthus, samt naust og landing.

På grunn av alderen til fyrstasjonen og det sjeldne materialet tårnet består av er fyrstasjonen freda etter lov om kulturminne. Fuglelivet i området er òg freda etter lov om naturvern.

Det vart føreslått eit kystfyr i Hustadvika i 1828, men fyrkommisjonen vart ikkje einige om det burde stå på Kvitholmen eller på Ona. Etter ei utreiing vart det gjort synfaring i området i 1838 og Kvitholmen vart vald ut som den beste løysinga. Arbeidet tok til i 1840 og to år seinare stod fyrstasjonen ferdig.

Den første fyrdirektøren i landet var løytnant Arntsen og han to med seg 100 mann ut til Kvitholmen for å byggje fyrstasjonen. Tårnet vart bygd av gråstein frå austsida av Kvitholmen og hogd til. Andre material vart frakta med fartøy og føringsbåtar. Til innvendig fôring gjekk det med 39 000 murstein. Fyrstasjonen stod ferdig i 1842 og fyret vart første gong tent 1. september dette året. På toppen av det kvite steintårnet stod ei raud fyrlykt med 2. ordens linseapparet frå Frankrike. Lyshøgda var då 25 meter over havet med ei lysvidde på 15,1 nautiske mil.

24. - 26. februar 1854 vart fyrstasjonen råka av ein kraftig storm. Sjøen braut over det høgaste punktet på holmen (16 moh.) og slo ut vindauga i fyrmeisterbustaden i første etasje. Det meste av dei brulagde vegane vart borte og brønnen vart fylt med saltvatn.

Det var snakk om å opprette eit fyr til i nærleiken av Kvitholmen, men i staden vart det oppretta eit bifyr på same stad. Det stod ved sidan av det gamle fyret og etter nokre år vart det gjeve midlar til å flytte lykta på bifyret over på steintårnet. For å gje plass til denne store lykta kappa ein i 1906 av 8 meter av steintårnet, slik at det i dag har ei høgd på vel 8 meter.

I 1956 vart det bygd eit 12 meter høgt betongtårn og sett inn ei lykt med 3. ordens fyrapparat. I 1977 vart det sett inn ein Racon her.

Fyret vart automatisert og avbemanna 1990.

Sjå òg endre

Kjelder endre