Kvitkurle

planteart
Kvitkurle

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Pseudorchis
Art: P. albida
Vitskapleg namn
Pseudorchis albida
(Linné) Á.Löve & D.Löve
Økologi
Habitat: kalkrik grasmark
Utbreiing: Eurasia

Kvitkurle (Pseudorchis albida) er ein plantekvitkurleslekta Pseudorchisorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Utsjånad

endre

Kvitkurle er ei lita gulgrøn plante som kan blir om lag 25 centimeter høg. Planta har små kvite blomar med tredelt leppe i eit smalt aks. Sideflikane på leppa er smalare og kortare enn midtfliken.

Systematikk

endre

Kvitkurle var tidlegare knytt til slektsnamnet Leucorchis,[2] men blir no rekna til slekta Pseudorchis.[3][4] Kvitkurle og den nære slektningen fjellkvitkurle har til tider vore rekna som eigne artar under dei to slektsnamna, til andre tider som underartar, då med kvitkurle som nominatunderarten ssp. albida.

Utbreiing

endre

I Noreg veks kvitkurle helst på gammal beitemark og slåttemark i høgareliggjande område, men har òg funne seg til rette i somme lågareliggjande habitat. Arten har eit tyngdepunkt i Midt-Noreg.[5] Planta står på Norsk raudliste for artar, og er i 2021 oppgradert frå nær truga til sårbar (VU).[6]

Arten finst òg i Sverige (status EN, svensk namn vityxne)[7] og i Danmark (sjælden, dansk namn hvid sækspore).[8]

Kvitkurle (engelsk namn small white orchid) veks spreidde stader på Dei britiske øyane, mest i nord, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[9] I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU).[10] Lokalt er han sårbar (VU) i England og i Skottland,[11][12] men kritisk truga (CR) i Wales.[13] I Irland er arten verna gjennom forskrifta Flora (Protection) Order, 2015,[14] og på den irske raudlista har han status som sårbar (VU).[15]

I Benelux var arten (nederlandsk namn witte muggenorchis, fransk namn orchis blanc) i Nederland berre å finne i Limburg, sist sett der i 1908. I Belgia finst han ikkje i Flandern, men i Vallonia er han svært sjeldan i dei nordaustlege Ardennane.[16][17] I den nederlandske raudlista er arten rekna som regionalt utdøydd (RE, verdwenen uit Nederland).[18] I Belgia er han rekna som kritisk truga (CR, menacé d'extinction) i Vallonia.[19] I Luxembourg finst han ikkje.

Hybridar

endre

Kvitkurle kan danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Gymnadenia conopsea × Pseudorchis albida eller ×Pseudadenia schweinfurthii),[20] registrert i Sverige[21] og på Dei britiske øyane i Yorkshire og Skottland.[22]Orknøyane er det òg registrert ein intergenerisk hybrid med flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × Pseudorchis albida eller ×Pseudorhiza bruniana).[23][22]

Referansar

endre
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar kvitkurle». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  2. Johannes Lid og Dagny Tande Lid (1994). Norsk flora (6. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 734. ISBN 82-521-3754-7. 
  3. Johannes Lid og Dagny Tande Lid (2005). Norsk flora (7. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 915–917. ISBN 978-82-521-6029-1. 
  4. «Artsdatabanken: Namnetre kvitkurle». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  5. «Artskart: Kvitkurle, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  6. «Raudlista: Kvitkurle». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 28. februar 2022. 
  7. «Artfakta: Pseudorchis albida vityxne». Artdatabanken. Henta 5. mars 2022. 
  8. «Naturbasen: Hvid Sækspore Pseudorchis albida». Naturbasen. Henta 5. mars 2022. 
  9. «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022. 
  10. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  11. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  12. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  13. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  14. «S.I. No. 356/2015 - Flora (Protection) Order, 2015.». Irish Statute Book. 2015. Henta 9. mars 2022. 
  15. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  16. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Pseudorchis albida». FLORON. Henta 22. januar 2024. 
  17. «Verspreidingskaart: Witte muggenorchis – Pseudorchis albida». Waarnemingen.be. Henta 23. januar 2024. 
  18. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  19. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  20. «PoWO: × Pseudadenia schweinfurthii». Plants of the World Online. Henta 30. januar 2023. 
  21. «Artfakta: Gymnadenia conopsea × Pseudorchis albida brudsporre × vityxne». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 
  22. 22,0 22,1 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  23. «PoWO: × Pseudorhiza bruniana». Plants of the World Online. Henta 30. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre