Kylling bru
Kylling bru er den nest største brua på Raumabanen, jernbanen mellom Dombås og Åndalsnes, etter Jora bru. Brua ligg ved garden Kylling på Verma i Romsdalen, og krysser elva Rauma. Ho er mellom dei mest kjende norske jernbanebruene.
| |||
Type | steinbru, bogebru, jernbanebru, steinkvelvbru | ||
---|---|---|---|
Opna | 29. november 1924 | ||
Strekning | Raumabanen | ||
Lengd | 76 meter | ||
Høgd | 59,3 meter | ||
Kryssar | Rauma | ||
Kylling bru 62°20′17″N 8°03′34″E / 62.33809°N 8.05958°E |
Brua er ei 76 meter lang steinkvelvbru som er bygd i stein frå fjellet like ved. Steinen som er brukt er ein granitt som vert kalla gruogranitt. Høgda over dalbotnen (elva) er 59 meter. Hovudspennet er 42 meter, sidespenna ti og åtte meter.[1] Brua er bygd i ein boge og ligg i ei stor kurve (sving) på jernbanen.
Historie
endreByggeperioden
endreByggeperioden varte i ni år, frå 1913 til 1923.
Det vart bygd eit stort stillas av tiløksa tømmer som måtte tole vekta av bruspennet. Steinen vart tatt ut av Kylling tunnel som munnar ut ved brua, og måtte vere av god kvalitet for å tole trykket og lasta av jernbanen. Kvar stein måtte tilpassast brukonstruksjonen. Brua er sjølvberande.
Andre verdskrigen
endreUnder andre verdskrigen vart brua underminert av tyskarane. Ho var klar til å sprengast om naudsynt, men vart spart.
Kjelder
endre- ↑ Tal frå informasjonstavla ved utkikksplassen.
Bakgrunnsstoff
endre- Søvik, Per Jarle, 1990. Ei bok om Rauma (kapittel 4). Åndalsnes, Rauma kommune, s. 189-190.