Kystsogevekene er ei årleg tilstelling av ei rekkje kulturarrangement i Hordaland og i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Dei finn stad tidleg på hausten, og er organisert av Stiftinga Kystsogevekene.

Båten «Enigheden» frå Kystsogevekene i Bergen i 2008.

Deltakarar og føremålEndra

Kystsogevekene går føre seg frå midten av august til slutten av september kvart år. Dei siste åra har det vore rundt 150 arrangement i dei 20 kommunane på Vestlandet som er med i mønstringa: Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Tysnes, Austevoll, Os, Bergen, Sund, Fjell, Øygarden, Askøy, Osterøy, Meland, Lindås, Masfjorden, Radøy, Fedje, Austrheim og Gulen.

Kystsogevekene arbeider for å styrkja identiteten i kystdistrikta og å skapa kultur- og reiselivsopplevingar knytt til kysten. Auka trivsel, vekst og nye arbeidsplassar er andre viktige målsetjingar. Formålet med arrangementa er å ta vare på og syna fram særtrekka i den gamle kystkulturen og området.

 
Opplevingar av kystkultur

Innhaldet i kystsogevekeneEndra

Kystsogevekene avspeglar kystkultur frå alle tider, både gamal og ny. Folk får oppleva kystkultur og yrande folkeliv i mange former og uttrykksmåtar. Programmet femner vidt, frå store folkefestar til intime konsertar eller små arrangement. Her er marknader, konsertar, torgdagar, revyar, turar og aktivitetar. Ei rekkje museum har utstillingar i samband med Kystsogevekene. Mange veteranbåtar er i sving, og folk i alle aldrar kan prøva seg på ulike maritime aktivitetar. Det er mykje god tradisjonsmat og gamalt handverk.

I tillegg er dei mange marknadane og torgdagane ein arena der småskalaprodusentar av ymse slag, særleg innan mat og handverk, får syna seg fram for publikum. Her får dei synleggjort produkta sine og kan opparbeida seg ei kundegruppe og skape etterspurnad etter produkta sine. Kystsogevekene sitt program vert kommunisert gjennom programhefte og i form av nettsidene deira.

Publikum på arrangementa er rundt 35 000 kystkulturinteresserte folk frå hele regionen. Kystsogevekene er rekna for å vera den største mønstringa av kystkultur i Noreg. Nærare 1000 personar står for gjennomføringa av programmet, og mellom 35 000 og 40 000 menneske deltek på dei over 150 arrangementa.

KystsogevekeneEndra

Kystsogevekene vart første gong arrangert i 1997.

Starten for arrangementa i 2008 var i Bergen, og fall saman med innkomstdagen for deltakarskipa i Tall Ship's Race, 8. august. Lokale skips- og båttypar og fjordbåtveteranar spelar ei avgjerande rolle, saman med klede, reiskapar, handverk og arbeidsteknikkar frå gamalt av.

Kystsogevekene 2009 gjekk frå 8. august til 13. september. Den offisielle opninga var då på Fonnes i Austrheim.

Kystsogevekene 2010 vart offisielt opna på ValestrandOsterøy, den 14. august. Opningsseremonien fann stad i hagen til Ole Bull, og same helga blir det historiske spelet Ole Bull - Fossegrimen fra Valestrand sett opp i høve 200-årsjubileet for Ole Bull sin fødsel. Kystsogevekene 2010 pågjekk dette året fram til 19. september.

Kystsogevekene 2011 føregjekk frå 13. august til 18. september. Den offisielle opninga var i Os.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra