Koordinatar: 61°7′1.3620″N 7°24′17.226″E

Lærdalsfjorden er ein 9 km lang fjordarm på sørsida av Sognefjorden i Lærdal kommune. Han strekkjer seg søraustover til Lærdalsøyri.

Lærdalsfjorden
fjord
Lærdalsfjorden.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Lærdal kommune
Lengd km

Lærdalsfjorden
61°7′9″ N 7°24′33″ E
Wikimedia Commons: Lærdalsfjorden

Fjorden har innløp mellom Sva i sør og Fodnes i nord. E16 går langs sørsida av fjorden, mellom anna gjennom grenda Sæbø om lag 2 km før botn av fjorden ved Lærdalsøyri. Fjorden ligg mellom fjella Grånosi (1200 moh) på sørsida og Vetanosi (1136 moh) på nordsida. Lærdalselvi munnar ut i fjorden ved Lærdalsøyri.