Løkken kyrkje er ei langkyrkje i Orkland kommune i Trøndelag fylke.

Løkken kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Orkland
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Orkdal
Sokn Løkken
Fellesråd Meldal
Type langkyrkje
Arkitekt Roar Tønseth (1929)
Material tre
Innvigd 13. seeptember 1929
Klokker 2: 1653 (frå Amsterdam) og 1954 (Olsen Nauen)
Kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol frå 1929
Døypefont frå 1929
Altartavle Ole Mæhle, 1929
Orgel Allen (digitalt), 1993
Sitjeplassar 170
Diverse Vegger og tak dekorert av Ole Teien og Oskar Hokstad.
Kart
Løkken kyrkje
63°07′37″N 9°40′58″E / 63.1269°N 9.6827°E / 63.1269; 9.6827
Wikimedia Commons: Løkken kirke

Kyrkja vart oppført som skyttarhus i 1916 av Orkla Grube-Aktiebolag. I 1929 vart huset ombygd til kapell etter teikningar av Roar Tønseth og invigd den 13. september. Frå 1999 fekk kapellet status som soknekyrkje. Kyrkja var eigd av Orkla-konsernet heilt til 2012, då ho vart overført til Den norske kyrkja ved Meldal kyrkjelege fellesråd.

Kyrkjegarden er om lag 50 meter frå kyrkja. Det finst òg eit bårehus.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Løkken kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 243. ISBN 82-7527-022-7.