L.A. Turnaround
Studioalbum av Bert Jansch
Utgjeve September 1974
Innspelt kring april til juni 1974 i Luxford House i Crowborough i Sussex og Sound City i Sepulveda i California; to spor tidleg i 1973 frå CBE Studios i Paris
Sjanger Folkrock, countryrock
Lengd 49:21
Selskap Charisma
Produsent Mike Nesmith; Danny Thompson on «Chambertin» and «Lady Nothing»
Bert Jansch-kronologi 
Moonshine
(1973)
L.A. Turnaround Santa Barbara Honeymoon
(1975)


L.A. Turnaround er det niande studioalbumet til den skotske visesongaren Bert Jansch. Det kom ut i 1974.

Bakgrunn

endre

Etter at Pentangle vart oppløyst, spelte Jansch inn albumet i heimen til Tony Stratton-Smith i Crowborough i Sussex og i eit studio i California. Det vart produsert av tidlegare Monkee og countryrock-artist Michael Nesmith med unntak av to songar («Chambertin» og den tidlegare bandkollegaen John Renbourn sin «Lady Nothing») som vart spelte inn i Paris eit år tidlegare. Ein kortfilm vart produsert under innspelingane i Sussex.

Blant gjesteartistane på albumet finn ein Klaus Voorman (bassgitar), Red Rhodes (pedalsteelgitar), Byron Berline (fele, mandolin) og Jesse Ed Davis (gitar).

Mottaking

endre
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic      [1]

I meldinga si for Allmusic skreiv kritikaren Thom Jurek om albumet: «Albumet vart hylla då det kom ut som eit eksemplarisk verk, og dette heldt stand på 2000-talet. Settet vandrar gjennom ein frodig hage som står mellom tradisjonell engelsk folk, som Jansch hadde meistra, og ein slags lett countryrock. Dette er enkelt og greitt eit av meisterverka til Jansch, og eineståande i ein lang og rik karriere.»[1]

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Bert Jansch, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Fresh as a Sweet Sunday Morning»3:58
2.«Chambertin»4:05
3.«One for Jo»2:39
4.«Travelling Man»2:48
5.«Open Up the Watergate (Let the Sunshine In)»2:40
6.«Stone Monkey»3:11
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Of Love and Lullaby»2:29
8.«Needle of Death»3:24
9.«Lady Nothing»2:33
10.«There Comes a Time»2:38
11.«Cluck Old Hen» (trad.)3:11
12.«Blacksmith»3:30
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLengd
13.«Open Up the Watergate (Let the Sunshine In)» (alternativ utgåve)3:38
14.«One for Jo» (alternativ utgåve)2:41
15.«Blacksmith» (alternativ utgåve)3:40
16.«In the Bleak Mid Winter»2:24

Medverkande

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Jurek, Thom. «L.A. Turnaround > Review». Allmusic. Henta 3. april 2019.