La finta semplice
La finta semplice (Den falske dusten), K. 51 (46a) er ein opera buffa i tre akter for solistar og orkester, komponert i 1769 av den då 12 år gamle Wolfgang Amadeus Mozart til ein italiensk libretto av hoffdiktaren Marco Coltellini basert på eit tidlegare verk av Carlo Goldoni. Det vart framført på slottet til erkebiskopen av Salzburg 1. mai 1769.
K. 174 Opera av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
| |||
Sjanger | Opera | ||
---|---|---|---|
Periode | Wienerklassisismen | ||
Komponert | 1769 | ||
Urframføring | 1. mai 1769 1. mai 1769 | ||
Typisk lengd | 154:34 | ||
Satsar/akter | 27 (3 akter) | ||
Libretto av | Marco Coltellini |
Mozart komponerte musikken basert på ein komedie starta av Philippe Destouches med La fausse Agnès, ou le Poète campagnard (1734).
Operaen var eit slags tilbakeslag for Mozart, som elles i barndommen hadde hatt mykje suksess og var rekna som ei stjerne. Verket vart starta då keisar Josef II sa til far til Mozart, Leopold, då dei vitja hovudstaden Wien, at Wolfgang burde skrive ein opera for det keisarlege operaselskapet. Leopold tok oppfordringa som ei konkret bestilling og fekk Wolfgang til å setje i gang utan å ha ein kontrakt først. Då operaen var ferdig mislikte visstnok aktørane operaen,[1] og forskjellige intriger gjorde til slutt at han ikkje vart sett opp i Wien. Leopold var sint og skreiv eit langt protestbrev til keisaren.[2] Keisaren bestilte ei undersøking, men resultatet vart at operaen ikkje skulle setjast opp.[3]
Operaen vart sett opp i heimebyen deira, Salzburg, i staden.
Episoden i Wien vart etter kvart ganske øydeleggande for karrieren til Wolfgang. Under vitjinga i Wien vart mor til Josef II, keisarinne Marie Theresa, særs fiendtleg innstilt for Mozartfamilien. Keisaren var ein viktig slektning til mange monarkar og aristokratar som kunne ha gjeve Wolfgang ei permanent stilling.
Roller
endreRolle | Stemme | Premierebesetning, 1. mai 1769 | Planlagt besetning, 1768 (Wien) |
---|---|---|---|
Fracasso, ein ungarsk kaptein budde med Cassandro |
tenor | Joseph Meissner | Filippo Laschi |
Rosina, syster hans, ei baronesse | sopran | Marie Magdalena Haydn | |
Cassandro, ein tyrannisk kvinnehatar | bass | Joseph Hornung | Francesco Carattoli |
Polidoro, den nervøse bror hans | tenor | Anton Franz Spitzeder | |
Giacinta, syster deira | mezzo-sopran | Marie Anna Braunhofer | |
Simone, ordonnansen til Fracasso, forelska i Ninetta |
bass | Felix Winter | |
Ninetta, hushjelpa til Giacinta | sopran | Marie Anna Fesemayer | Antonia Bernasconi |
Ariaer
endre
Akt 1
Akt 2
|
Akt 3
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «La finta semplice» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Deutsch, Otto Erich, Mozart: A Documentary Biography. Stanford, CA: Stanford University Press, 1965
- Melograni, Pietro, (Trans. Lydia G. Cochrane), Wolfgang Amadeus Mozart: a Biography. Chicago: University of Chicago Press, 2007 ISBN 0226519562, 9780226519562
- Solomon, mainard, Mozart: A Life, 2005
Bakgrunnsstoff
endre- La finta semplice: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- An opera buffa in three acts Arkivert 2011-09-22 ved Wayback Machine.
- The Pretended Simpleton
- Libretto of La finta semplice
- Mozart's 'La finta semplice', Online article at the NPR, juni 29, 2007