Josef II av Det tysk-romerske riket

Josef II (13. mars 174120. februar 1790) var tysk-romersk keisar frå 1765 til 1790. Han var den eldste sonen til keisar Frans I Stefan og Maria Teresia av Austerrike. Frå faren sin arva han keisartittelen og frå mora tittelen som statsoverhovud for mellom anna Austerrike, Ungarn, Kroatia, Böhmen, Transylvania, Mantova, Milano, Parma og Dei austerrikske Nederlanda.

Josef II av Det tysk-romerske riket

Tysk-romersk keisar
Periode1765–1790
Andre namntysk også Joseph, ungarsk József, tsjekkisk Josef, slovakisk Jozef
TitlarTysk-romersk keisar

Erkehertug av Austerrike
Konge av Tyskland

Konge av Ungarn
Konge av Bøhmen
Fødd13. mars 1741
FødestadHietzing, Wien
Død20. februar 1790 (48 år)
DødsstadWien
MorMaria Teresia av Austerrike
FarFrans I Stefan av Det tysk-romerske riket
EktefelleIsabella Maria av Bourbon-Parma og Maria Josepha av Bayern
BarnArchduchess Maria Theresa of Austria, Archduchess Marie Christine of Austria
FarFrans I Stefan av Det tysk-romerske riket
MorMaria Teresia av Austerrike
FøregangarFrans I Stefan av Det tysk-romerske rike
EtterfølgjarLeopold II av Det tysk-romerske riket

Josef var ein såkalla opplyst monark, kjend for ein politikk kalla josefinisme. Han var bror av den franske dronninga Marie Antoinette.

Liv endre

Josef II blei oppfostra av Johann Christoph von Bartenstein. Han blei påverka av ideane frå opplysingstida, særleg gjennom skriftene til Voltaire. I 1761 blei han medlem av statsrådet og i 1765 etterfølgde han faren sin Josef som keisar. Han blei også medregent med mora for dei austerrikske arvelanda, men fram til ho døydde var han avgrensa til verksemd knytt til utanrikespolitikk, hæren og rettssystemet.[1] Dei revolusjonære ideane hans førte til at han ofte kom i konflikt med mora.

Ekteskap og barn endre

 
Josef si dotter, Maria Teresia.

Josef II var gift to gonger. Den første kona hans var Isabella Maria av Bourbon-Parma (1741-1763), dotter av Filip av Bourbon-Parma. Dei blei gifte i 1760 og fekk to barn saman:

  1. Maria Theresia (20. mars 1762-23. januar 1770)
  2. Christina (22. november 1763-28. november 1763)

Etter at den første kona hans døydde 27. november 1763 blei det arrangert eit politisk ekteskap med tremenningen Maria Josepha av Bayern (1739-1767), dotter av Karl VII av Det tysk-romerske riket og kurfyrste av Bayern og Maria Amalia av Austerrike. Medan han var bunden til den første kona si, var det andre ekteskapet særs ulukkelig. Josef hadde ingen overlevande barn, og blei etterfølgd av bror sin Leopold II som keisar.

Kjelder endre

  1. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 14, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1933, s. 633-34.