La forza del destino
La forza del destino ('Makta til lagnaden') er ein italiensk opera i fire akter med musikk av Giuseppe Verdi. Librettoen blei skriven av Francesco Maria Piave etter det spanske teaterskodespelet Don Álvaro, o La fuerza del sino (1835) av Angel de Saavedra Ramírez de Banquedano. Han blei seinare revidert av Antonio Ghislanzoni.
La forza del destino | |
---|---|
Originaltittel | La forza del destino |
Sjanger | opera |
Musikk | Giuseppe Verdi |
Premiere | 10. november 1862 |
Premierestad | Bolshoi Kamenny Theatre, Mariinskij-teateret |
Komposisjon
endreDet verkar som om Verdi byrja ta for seg det spanske skodespelet som ligg til grunn for operaen i 1859. Etter at tenoren Enrico Tamberlick, som hadde sunge Manrico i ein suksessrik oppsetjing av Il trovatore i Sankt Petersburg, føreslo teaterleiinga der å be Verdi til byen, og han valde dette emnet til den nye operaen. Piave blei sett til å omarbeida skodespelet under leiing av Verdi, og i november 1861 drog Verdi til Sankt Petersburg for å vera med ved dei siste prøvane. Etter at primadonnaa blei sjuk måtte premieren utsetjast til 10. november 1862. Operaen blei ein stor suksess, kanskje ikkje minst takka vera den storslåtte dekoren. Tsar Aleksander II hadde kommandert ut eit heilt regiment så krigsscenane skulle bli effektfulle. I Italia derimot operaen ikkje så stor suksess, så seks år seinare bestemte Verdi seg for å la Ghislanzoni skriva om librettoen. Denne andre versjonen hadde premiere på La Scala i Milano 20. februar 1869, og i denne utforminga har operaen blitt eit fast innslag i det internasjonale repertoaret.
Den svenske premieren fann stad på Kungliga Operan i Stockholm 21. januar 1928.[1]
Personar
endre- Markien av Calatrava (bass)
- Leonora di Vargas, dottera hans (sopran)
- Don Carlo di Vargas, sonen hans (baryton)
- Don Alvaro, ein mestis, ætling til ei kongeleg inkaslekt (tenor)
- Il padre Guardiano (bass)
- Fra Melitone (baryton)
- Preziosilla, ei ung spåkvinne (mezzosopran)
- Mastro Trabuco, muldyrdrivar (tenor)
- Borgarmeisteren (bass)
- Ein feltskjerar (tenor)
- Curra, kammerjomfrua til Leonora (mezzosopran)
Handling
endreOperaen går føre seg i Spania og Italia kring år 1750.
Akt I
endreMarkien av Calatrava har sperra inn dottera si Leonora på landstaden sin fordi ho har forelska seg i den peruanske inkaætlingen Alvaro, men ho planlegg å flykta med han («Ah, per sempre, o mio bell'angiol»). Kammerjomfrua gir teikn til at alt er klart, men i siste augneblinken ber ho Alvaro om å venta med flukta. Han trur at ho trass alt har ombestemt seg om å gifta seg med ein halvindianar, men ho kastar seg i armane hans og sver at ho elskar han. Dei blir overraska av markien, men for å unngå kamp mot far til Leonora kastar Alvaro pistolen sin frå seg. Denne går av og sårar markisen dødeleg. Døyande forbannar han dottera si som blir ført bort av Alvaro.
Akt II
endreUnder flukta har Alvaro og Leonora blitt skilde frå kvarandre. Ho har forkledd seg som ein ung mann, og kjem ein dag til ein by der ho i gøymestaden sin høyrer bror sin, don Carlo som kallar seg «den svarte studenten», fortelja at han har avbrote studia sine for å oppspora syster si og elskaren hennar og hemna mordet på faren. Av det broren sagt trur ho at Alvaro har gløymd henne, og vendar tilbake til heimtrakta si. Det tek ho tilflukt i eit kloster. Bror Melitone fører henne til prioren og for han avslører ho kven ho er. Han lovar at ho skal få leva i fred som eremitt.
Akt III
endreAlvaro er under namnet kapten Herero på ei slagmark i nærleiken av Roma. Han fortapar seg i minnet av Leonora, som han trur er død («O tu che in seno agli angeli»), då han høyrer skrik og rop. Ein offiser har falle i hendene på ein fiendtleg patrulje, men Alvaro får han fri. Det er bror til Leonora, don Carlo, som kallar sig de Bornos i møte med Alvaro. Dei kjenner ikkje igjen kvarandre, men sver kvarandre evig vennskap. I kampen er Alvaro blitt alvorleg skadd, og gjev derfor don Carlo ein bunt brev som han ber han brenna ulesne. Etter at han er blitt boren bort for å få behandling forstår don Carlo at «Herero» kan vera den som drap far hans, og at breva kan avsløra sanninga, men han har svore til vennen sin å brenna dei ulesne, så han kastar dei frå seg. Då fell eit portrett av Leonora ut, og bekreftar mistanken hans. I raseri sver han at han skap drepa Alvaro når han får høyra at denne kjem til å overleva skadane. Alvaro kjem til krefter att og don Carlo utfordrar han til duell, men Alvaro lover at han er uskyldig. Fyrst då don Carlo trygar med å drepa Leonora grip Alvaro til våpen. Duellen blir stoppa av leirvaktene, og Alvaro gjer det kjent at han vil gå i kloster.
Akt IV
endreI klosteret er bror Melitone i ferd med å dela ut mat til dei fattige då han blir vitja av don Carlo, som endeleg er kome på spor av Alvaro etter fem års leiting. Alvaro bur i klosteret under namnet fader Raffaele, og let seg høgst motvillig provoserast til ein duell med don Carlo. Alvaro sårar motstandaren sin døyeleg, og skundar seg til eremitten si hytte utan å vita at det er den forkledde Leonora som bur der. Han ber eremitten gje den døyande syndsforlating, og dei elskande kjenner endeleg igjen kvarandre. Men også don Carlo har kjent igjen systera si, og støyter med dei siste kreftene sine dolken sin i brystet hennar. Ho døyr i armane til Alvaro.
Diskografi (utval)
endre- La forza del destino. Leontyne Price, Placido Domingo, Sherrill Milnes, Fiorenza Cossotto. London Symphony Orchestra. James Levine, dirigent. RCA (ADD) 74321 39502-2. 3 CD.
Kjelder
endre- ↑ Sällström, Åke: Opera på Stockholmsoperan, Norstedt, Stockholm 1977 (swe), s. 187. ISBN 91-1-773051-1. Libris 7152595.
- Trykte kjelder
Gademan, Göran: Operahistoria, Gidlund, Möklinta 2015, s. 264-267. ISBN 9789178449293. Libris 17853406.
- Opera : kompositörer, verk, uttolkare / utgivare András Batta ; lektör Sigrid Neef ; [översättning från tyska: Kjell Waltman], Könemann, Köln 2005. ISBN 3-8331-1884-9. Libris 10110147.
- Musiklexikon : musik i ord och bild : alfabetiskt uppställd med omkring tvåtusen illustrationer, Kulturhistoriska förl, Göteborg 1982. Libris 367546.
- Sørensen, Inger: Operalexikonet, Forum, Stockholm 1993. ISBN 91-37-10380-6. Libris 7256161.
- Wenzel Andreasen, Mogens: Operans värld : ett lexikon över kompositörer, roller och innehåll i våra vanligaste operor, Rabén & Sjögren, Stockholm 1990. ISBN 91-29-59233-X. Libris 7236411.
- Denne artikkelen bygger på «Ödets makt (opera)» frå Wikipedia på svensk, den 13. mars 2023.