Amarantar

slekt av sporvefuglar
(Omdirigert frå Lagonosticta)
Andre tydingar av Amarant

Amarantar er elleve artar av astrildar i den biologiske slekta Lagonosticta. Artane har leveområde avgrensa til det afrikanske kontinentet. Ein av artane, steinamarant blei først skildra vitskapleg i 1998.[1]

Amarantar
Raudnebbamarant, Lagonosticta senegala Foto: Flickr-brukar:msafari2425
Raudnebbamarant, Lagonosticta senegala
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Astrildar Estrildidae
Slekt: Amarantar Lagonosticta
Cabanis, 1851

Storleiken på amarantar varierer mellom ti og tolv centimeter. Fjørdrakta har flekker i raudt eller vinraudt hos dei fleste artane. Hos nokre artar, som til dømes svartnebbamarant, dominerer denne farga i fjørene. Rosenamarant har denne djupe raudfarga på hovudet, fremre sider og bryst. Vengene er ofte gråbrune. Nesten alle artar har kvite eller lys rosa, små punktforma flekker på kroppssidene. Mange artar har nebb i blågrått med ein gråsvart tupp. Unntak som er blant andre kongoamarant, som har rosenraud underkjeve og rosenamarant som har raudt nebb. Dessutan har raudnebbamarant eit nebb som er i det minste er delvis raudleg.

Hoene er vanlegvis bleikare farga enn hannane, og blant fleire artar har hoene meir gråbrun fjørdrakt enn hannar.

Artar

endre

Amarantar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 [2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [3]

Slekt Lagonosticta

  • Raudnebbamarant, L. senegala, Red-billed Firefinch, LC, Linné, 1766
  • Rosenamarant, L. rufopicta, Bar-breasted Firefinch, LC, Fraser, 1843
  • Brunamarant, L. nitidula, Brown Firefinch, LC, Hartlaub, 1886
  • Maskeamarant, L. larvata, Black-faced Firefinch, LC, Rüppell, 1840
  • Svartbukamarant, L. rara, Black-bellied Firefinch, LC, Antinori, 1864
  • Svartnebbamarant, L. rubricata, African Firefinch, LC, Lichtenstein, 1823
  • Kongoamarant, L. landanae, Pale-billed Firefinch, LC, Sharpe, 1890
  • Skarlaksamarant, L. rhodopareia, Jameson's Firefinch, LC, Heuglin, 1868
  • Maliamarant, L. virata, Mali Firefinch, LC, Bates, 1932
  • Steinmarant, L. sanguinodorsalis, Rock Firefinch, LC, Payne, 1998
  • Umbraamarant, L. umbrinodorsalis, Reichenow's Firefinch

Kjelder

endre
  • Jürgen Nicolai (Hrsg.), Joachim Steinbacher (Hrsg.), Renate van den Elzen, Gerhard Hofmann, Claudia Mettke-Hofmann: Prachtfinken - Afrika, Serie Handbuch der Vogelpflege, Eugen Ulmer Verlag, Stuttgart 2007, ISBN 978-3-8001-4964-3

Referansar

endre
  1. Nicolai et al., side 161
  2. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amarantar