Wairarapasjøen

innsjø på New Zealand
(Omdirigert frå Lake Wairarapa)

Wairarapasjøen er ein innsjø i den sørlege delen av NordøyaNew Zealand, 50 km aust for Wellington. Innsjøen har ei overflate på 78 km², og er den tredje største innsjøen på Nordøya, berre litt mindre enn Rotoruasjøen. Den næraste byen til innsjøen er Featherston, som ligg fem kilometer frå den nordlege enden.

Wairarapa
innsjø
Utsikt sørover frå vestbreidda
Land  New Zealand
Område NordøyaNew Zealand
Tilsig Ruamahanga
Utløp Ruamahanga
Areal 78 km²
Middeldjupn 2,5 m
Koordinatar 41°13′S 175°15′E / 41.217°S 175.250°E / -41.217; 175.250
Byar Featherston
Kart
Wairarapasjøen
41°13′00″S 175°15′00″E / 41.216666666667°S 175.25°E / -41.216666666667; 175.25
Kart som viser Wairarapasjøen.
Kart som viser Wairarapasjøen.
Kart som viser Wairarapasjøen.
Wikimedia Commons: Lake Wairarapa
Lake Wairarapa er det store, lyse området til høgre i dette satellittbiletet av Wellington-området.

Nedslagsområdet til innsjøen er stort, og omfattar dei austlege liene til Rimutaka- og Tararuafjella. Sjøen tek mot mange elver, og var opphavleg hovudutløpet til Ruamahanga. Denne elva rann i sin tur sakte ut i Palliser Bay og Cooksundet ti km mot sør, gjennom det som no er Lake Onoke. Elveløpet vart lagt om i 1960-åra for å ta mot flaum og såleis redusera overfløyming av jordbruksland. Derfor har innsjøen i dag ei mykje mindre overflate enn den opphavlege som var om kring 210km²[1].

Landskapet kring innsjøen er lågtliggjande og sumpet, og ein har den seinare tida lagt ned arbeid for å ta vare på dette viktige våtlandskapet, og få attende habitat for ville dyr som har vorte øydelagde gjennom menneskeleg påverknad og bruk av området. Landbruk, regulering av elva, flaumkontroll og flytting av elveløp, har ført til drenering av store delar av våtmarkene, og redusert den økologiske verdien dei har hatt[2].

Innsjøen har lenge vore bruka av maoriar som ei kjelde til lett tilgjengeleg mat, og mange artar av sjøfugl og fisk som er uvanlege andre stader på New Zealand, kan finnast i og kring innsjøen.

Referansar

endre
  1. Flack, J: Wairarapa Times Age, Feb 2000
  2. NZ Department of Conservation

Bakgrunnsstoff

endre