Rotoruasjøen
Rotoruasjøen (maori Te Rotorua nui ā Kahumatamomoe) er den nest største innsjøen på Nordøya på New Zealand, og dekkjer 79,8 km².[1] Med ei gjennomsnittleg djupne på berre 10 meter er han mykje mindre enn nærliggjande innsjøen Tarawera målt i vassvolum. Sjøen ligg innanfor Rotorua-kalderaen i Bay of Plenty-regionen. Han har gjeve namn til byen Rotorua.[2]
Rotoruasjøen | |||
innsjø | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Område | Nordøya på New Zealand | ||
Innsjøtype | Kratersjø | ||
Tilsig | Utuhina, Hamurana Spring, Ngongotahā | ||
Utløp | Ohau-kanalen | ||
Høgd over havet | 280 moh. | ||
Lengd | 12,1 km | ||
Breidd | 9,7 km | ||
Areal | 79,8 km² | ||
Middeldjupn | 10 m | ||
Største djupn | 45 m | ||
Øyar | Mokoiaøya | ||
Byar | Rotorua | ||
Rotoruasjøen 38°05′00″S 176°16′10″E / 38.083333333333°S 176.26944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Rotorua |
Rotoruasjøen får tilført vatn frå ei rekkje elvar og bekkar; slik som Utuhina med ein vasstemperatur som er varmare enn innsjøen på grunn av den termiske aktiviteten i Rotorua-området. På nordsida har elvane krystallklart vatn med konstant temperatur på 10 grader Celsius, til dømes Hamurana og Awahou-elva. Andre sideelvar inkluderer Ngongotahā-elva, som er kjend for aurefiske.[3]
Kjelder
endre- ↑ Lowe, D.J.; Green, J.D. (1987). Viner, A.B., red. Inland waters of New Zealand. Wellington: DSIR Science Information Publishing Centre. s. 471–474. ISBN 0-477-06799-9.
- ↑ Everett-Heath, John (22. oktober 2020). «Rotorua» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-190563-6. doi:10.1093/acref/9780191905636.001.0001/acref-9780191905636-e-6370.
- ↑ «Ngongotaha Stream», nzfishing.com (på engelsk), henta 11. april 2023
- Denne artikkelen bygger på «Lake Rotorua» frå Wikipedia på engelsk, den 10. april 2023