Landdag

Wikimedia-fleirtydingsside

Landdag er namnet på parlamentet i fleire nåverande og tidlegare regionar, særleg tyskspråklege. Opphavleg var landdagane stenderforsamlingar i tyske småstatar, og utvikla seg så til parlament i dei demokratiske statane som oppstod.

Noverande landdagarEndra

I TysklandEndra

Parlamentet i dei fleste av dei 16 forbundslanda i Tyskland vert kalla Landtag. Tre forbundsland, dei som er byar, nyttar andre namn, nemleg Abgeordnetenhaus i Berlin og Bürgerschaft i Bremen og i Hamburg.

I AusterrikeEndra

Alle dei 9 forbundslanda i Austerrike har Landtag som lovgjevande forsamling.

I LiechtensteinEndra

Parlamentet i Fyrstedømmet Liechtenstein vert kalla Landtag og har 25 medlemmar.

I ItaliaEndra

Dei to italienske provinsane Trento og Bolzano i Italia har parlament som på tysk ber namnet Landtag, men òg har italienske namn. Bolzano heiter på tysk Bozen og var tidlegare ein del av Austerrike-Ungarn. Over 60 % av innbyggjarane der er tyskspråklege. Trento har òg ein mindre tyskspråkleg minoritet.

Historiske landdagarEndra

Det har vore mange landdagar i tyskspråklege område heilt frå 14–1500-talet. I tillegg har det funnest nokre landdagar i andre område:

KjelderEndra