Langøya i Re

(Omdirigert frå Langøya ved Holmestrand)
Langøya
Geografi
Norway - Langøya, Re.png
Stad Ytre Oslofjord
Koordinatar 59°26′36″N 10°22′52″EKoordinatar: 59°26′36″N 10°22′52″E

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestfold og Telemark

Demografi
Folketal 0

Langøya er ei øy i Holmestrandfjorden som er ein del av Ytre Oslofjord. Øya høyrer til Holmestrand kommune i Vestfold og Telemark og ligg utanfor Holmestrand.

KalksteinsbrotEndra

På Langøya er det to tidlegare dagbrot der det frå 1899 vart teke ut kalkstein. Dagbrota er på til saman nesten 10 millionar kubikkmeter under havnivå. Frantzefoss Bruk tok ut kalk her. Det minste dagbrotet i sør er framleis i drift. Kalksteinen vart levert til sementfabrikken i Slemmestad. Ei kran frå steinbrotet står ved Cementmuseet i Slemmestad sentrum.

AvfallsdeponiEndra

Norsk Avfallshandtering nyttar det største dagbrotet i nord til deponi av farleg uorganisk avfall. Ein stor del av avfallet er gips. Dessutan finst eit basseng for utreagering av reaktive metall; hovudsakleg magnesiumslam og andre alkali- og jordalkalimetall. Avfallet reagerer kraftig i kontakt med vatn og avgjer varme og ulike gassar (H2, NH3, PH3). Det finst òg ein tank for avgifting av cyanidhaldig avfall. Avgiftinga skjer i alkalisk miljø med natriumhypokloritt. Cyanidsambanda vert omdanna til karbondioksid og nitrogengass.