Lappspissmus
pattedyrart
Lappspissmus, Sorex caecutiens, er eit pattedyr i spissmusfamilien. Ho lever i nordlege delar av Eurasia frå Noreg og Baltikum i vest til stillehavskysten og Japan i aust. Ho føretrekkjer skogområde i taigaen, men finst òg i tundralandskap. Fordi ho har eit lågare næringsinntak enn større spissmus, kan ho overleva i mindre fruktbare område.[2] Lappspissmusa vart ikkje påvist i Noreg før i 1964, men det viste seg då at tidlegare funn òg var av denne arten. Ho er funnen mest i Finnmark og Nord-Troms, men òg i fjellområde lenger sør.[3]
Lappspissmus | |
Lappspissmus | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av Lappspissmus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Eulipotyphla |
Familie: | Spissmus Soricidae |
Slekt: | Sorex |
Underslekt: | Sorex |
Art: | Lappspissmus S. caecutiens |
Vitskapleg namn | |
Sorex caecutiens |
Kjelder
endre- IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
- Referansar
- ↑ Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av lappspissmus Sorex caecutiens for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022.
- ↑ IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022.