Larry Muhoberac
Larry Muhoberac (12. februar 1937–4. desember 2016) var ein USA-amerikansk musikar, produsent og komponist som til forskjellige tider er blitt kalla Larry Owens og Larry Gordon.[1]
Larry Muhoberac | |||
Fødd | 12. februar 1937 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Louisiana | ||
Død | 4. desember 2016 (79 år) | ||
Dødsstad | Erina | ||
Fødenamn | Lawrence Gordon Muhoberac jr. | ||
Alias | Larry Owens, Larry Gordon | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1950-åra til i dag | ||
Sjanger | rock pop | ||
Instrument | Piano orgel, klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | Elvis Presley, Woody Herman, TCB Band | ||
Verka som | Musikar arrangør |
Muhoberac var kjend som den første klaverspelaren i Elvis Presley sitt TCB Band. Han spelte først med Presley på scenen på den første konserten til Elvis på Hotel International i Las Vegas den 31. juli 1969.[2] Etter fleire år med turnering, erstatta Glen Hardin han på piano.
Muhoberac vart fødd og voks opp i Louisiana og byrja spele trekkspel og piano fem år gammal. Han drog på turné med Woody Herman 20 år gammal, og flytta til Memphis i Tennessee i 1959. I 1961, då han brukte pseudonymet «Larry Owens», spelte bandet hans på to av Presley sine veldedige konsertar i Memphis.[3]
Han flytta til Vestkysten tidleg i 1960-åra og arbeidde som studiomusikar der. Der rekrutterte Presley han som studiomusikar for filmmusikken sin.[4] Han utvikla seg til å bli ein etterspurt som studiomusikar og arbeidde først med Elvis og seinare med Neil Diamond, Tina Turner, Ray Charles, Tanya Tucker, Ray Conniff og Barbra Streisand blant fleire. Seinare i karrieren arrangerte og dirigerte han for fleire artistar, mellom andre Seals & Crofts og det kristne bandet The Archers. Han flytta til Australia i 1986 der han fortsette å arbeide som produsent og arrangør.
Sønene hans, Jamie Muhoberac og Parrish Muhoberac, er òg kjende studiomusikarar, arrangørar, produsentar og lydteknikarar.
Utvald diskografi
endre- Nancy & Lee Again (1972) Nancy Sinatra & Lee Hazlewood (arrangør)
- Woman (Nancy Sinatra album)|Woman (1973) Nancy Sinatra (arrangør)
- Cherry Smiles: The Rare Singles (2009) Nancy Sinatra (bandleiar, piano)
- Frankie & Johnny (1966) Elvis Presley (klaverinstrument)
- Paradise Hawaiian Style (1966) Elvis Presley (klaverinstrument)
- Speedway (1968) Elvis Presley (klaverinstrument)
- Stay Away Joe (1968) Elvis Presley (klaverinstrument)
- Elvis: In Person At The International Hotel, Las Vegas, Nevada [LIVE] April 1970 (klaverinstrument)
- Elvis On Stage: februar 1970 –LIVE- (klaverinstrument)
- Rock Requiem (1971) Lalo Schifrin
- Stony End (1971) Barbra Streisand (klaverinstrument)
- Summer Breeze (1972) Seals & Crofts (klaverinstrument/arrangement)
- Diamond Girl (1973) Seals & Crofts (klaverinstrument/arrangement)
- I Am I Said (1973) Neil Diamond (klaverinstrument)
- Fresh Surrender (1976) The Archers (arrangement/klaverinstrument)
- TNT (1978) Tanya Tucker (klaverinstrument)
- Stand Up! (1979) The Archers (produsent/arrangør/klaverinstrument)
- «America's Greatest Hero» (1984) Joey Scarbury (piano)
- «Stormy Weather» (1991) Grace Knight (produsent/arrangør)
- «Neon Ballroom» (1999) silverchair (arrangør)
- «Diorama» (2002) silverchair (arrangør)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Larry Muhoberac» frå Wikipedia på engelsk, den 1. desember 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Who's Who in Rock Music, by William Gary York, New York: Charles Scribner's Sons, 1982 OCLC 8034627
- ↑ Elvis Presley & the TCB Band
- ↑ Bio: Elvis.com TCB Band
- ↑ Paradise Hawaiian Style