Opna hovudmenyen

Glen Dee Hardin (fødd 18. april 1939) er ein USA-amerikansk pianist og arrangør. Han har spelt med mange kjende artistar som Elvis Presley, Emmylou Harris, John Denver og Ricky Nelson.[1]

Glen D. Hardin
Glenn D Hardin.jpg
Fødd18. april 1939 (80 år)
FødestadWellington i Texas, US
FødenamnGlen Dee Hardin
OpphavUSA
Aktiv1959 til i dag
SjangerRock and roll, rockabilly, country, countryrock
InstrumentPiano, keyboard bass
Tilknytte artistarElvis Presley, TCB Band, Emmylou Harris, Gram Parsons and many more
Verka somMusikar, låtskrivar, studiomusikar

KarriereEndra

Hardin vart fødd i Wellington i Texas. Då han vart ferdig i marinen i 1959, byrja Hardin den musikalske karrieren sin i Long Beach i California, og spelte kort tid etter i husbandet ved Palamino Club i North Hollywood, kalla «Country Music's most important West Coast club» av Los Angeles Times. Dei spelte med artistar som Buck Owens, Johnny Cash, Patsy Cline, Linda Ronstadt, Hoyt Axton og Willie Nelson.

Kort tid etter vart han medlem av The Shindogs, husbandet på TV-programmet Shindig! frå 1964 til 1966. Her spelte òg ein ung Glen Campbell, James Burton, Billy Preston, Delaney Bramlett, Joey Cooper og Leon Russell.

Hardin voks opp med trommeslagaren Jerry Allison og bassisten Joe B. Mauldin, so begge spelte i Buddy Holly-bandet The Crickets. Då Holly døydde i 1959 fortsette dei å spele og Hardin var stundom med dei, av og på i mange år. Hardin fekk først suksess som låtskrivar i 1965 med «Count Me In», spelt inn av Gary Lewis & The Playboys. «Where Will the Words Come From» og «My Heart's Symphony» var òg hittar skrivne av Hardin for Lewis. Han vart kort tid etter ein etterspurt studiopianist og spelte med mange artistar innan forskjellige sjangrar, som Bing Crosby, Nancy Sinatra, Dean Martin, Ricky Nelson, Buck Owens, John Denver, Linda Ronstadt, Kenny Rogers, Johnny Rivers, Merle Haggard, Michael Nesmith, Waylon Jennings og Dwight Yoakam.

I 1970 vart Hardin spurt av Elvis Presley om å erstatte Larry Muhoberac i TCB Band, i lag med James Burton, Jerry Scheff og Ronnie Tutt. Hardin spelte med bandet fram til 1976, og turnerte og spelte i studio med Presley, mellom anna på Aloha From Hawaii. Hardin arrangerte mange av hittane til Presley, som «The Wonder of You», «Let It Be Me» og «I Just Can't Help Believin'». I 1972 hyrte Gram Parsons, rekna som opphavet til countryrocken, heile TCB Band for å spele inn det første albumet sitt, GP. Hardin spelte piano og var musikalsk leiar på denne innspeilnga og det neste albumet hans, Grievous Angel. Gjennom arbeidet med Parsons, vart Hardin introdusert for Emmylou Harris, som han arbeidde med etter Parsons døydde.

KjelderEndra

  1. Sunderland, Ann. «Glen D's Biography». TCB Fan Club. Henta 18. januar 2017. 

BakgrunnsstoffEndra