TCB Band
TCB Band var ei gruppe profesjonelle musikarar som danna kjernen i rytmeseksjonen til bandet til Elvis Presley frå august 1969 til han døydde i 1977.[1] TCB står for Taking Care of Business, eit personleg motto Presley nytta tidleg i 1970-åra. Det var endringar i besetninga til bandet gjennom åra, men dei originale medlemmane var James Burton (sologitar), Jerry Scheff (bass), John Wilkinson (rytmegitar), Larry Muhoberac (klaverinstrument) og Ron Tutt (trommer). Dei spelte den første konserten med Presley i Las Vegas på International Hotel den 31. juli 1969.[2]
TCB Band | |||
TCB Band 2013 under den 12. europeiske Elvis-festivalen i Bad Nauheim: Glen Hardin, Ron Tutt, James Burton og den austerrikske songaren Dennis Jale | |||
Opphav | USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1969–1977, 1987, 1997 til i dag | ||
Sjanger | rock | ||
Tilknytte artistar | Elvis Presley | ||
Plateselskap | RCA Records Sony BMG | ||
Tidlegare medlemmer | James Burton Larry Muhoberac Jerry Scheff John Wilkinson Ron Tutt Glen D. Hardin Larrie Londin Bobby Ogdin Tony Brown |
Historie
endreDå Presley planla å halde konsertar att etter suksessen med comebacket på fjernsyn i 1968, ønskte Presley å erstatta musikarane han hadde splet med gjennom 1960-åra.[3] Elvis ringde først til Ricky Nelson sin gitarist, James Burton, som han hadde spurt om hjelp til å danne gruppa etter å ha kjend til han i mange år. Etter at klaverspelaren Glen D. Hardin avslo tilbodet til Burton om å bli med i gruppa, takka Larry Muhoberac, som hadde spelt på fleire av filmmusikkinnselingane til Presley, ja til tilbodet. Burton henta sidan inn Jerry Scheff på bass og John Wilkinson på rytmegitar. Muhoberac føreslo Ron Tutt på trommer.[4] I februar 1970 kom Glen D. Hardin likevel med på klaverinstrument, og erstatta etter kvart Muhoberac som gjekk attende til studioarbeid i Los Angeles.[5]
I 1975 akkompagnerte Burton, Tutt og Muhoberac Johnny Cash på albumet hans John R. Cash.
Etter Elvis Presley døydde
endreDå Presley døydde i 1977 danna fleire av dei tidlegare medlemmane i TCB Band Emmylou Harris's Hot Band og The John Denver Band. Desse musikarane var mellom andre James Burton, Glen D. Hardin, Emory Gordy jr. og Jerry Scheff. Burton slutta i Hot Band i 1976 og vart erstatta av den engelske gitaristen Albert Lee. Scheff var aldri medlem av Hot Band. Gordy slutta i John Denver sitt band i 1980 (han spelte ei kort stund med Denver i 1989) og vart erstatta av Scheff. Burton, Hardin og Scheff spelte med Denver fram til tidleg i 1994, og vart så erstatta av Pete Huttlinger, Chris Nole og Alan Deremo.
Etter å ha spelt trommer nokre år med Jerry Garcia Band då Presley døydde, vart Ron Tutt invitert av Neil Diamond til å bli den faste trommeslagaren hans. Tutt har òg spelt på fleire innspelingar med Nancy Sinatra.
Fleire av medlemmane i TCB band (Glen D. Hardin på piano, James Burton på sologitar, Jerry Scheff på kontrabass og Ron Tutt på trommer) spelte òg med Roy Orbison i 1987 på konserten Roy Orbison and Friends, A Black and White Night. Burton, Hardin, Scheff og Tutt kom saman att i 1997 for å spele på Elvis: The Concert, med John Wilkinson i høve 25-årsjubileumskonserten i Memphis. Sidan den gong har Burton, Hardin, Tutt og Scheff ofte spelt i lag.
Kjelder
endre- ↑ http://www.undercover.com.au/news/2003/20030825_elvis.html
- ↑ Elvis Presley & the TCB Band
- ↑ http://www.elvis.com.au/presley/article_blackie.shtml “Blackie” Bill Black & Elvis, Arjan Deleen
- ↑ http://www.james-burton.net/elvis-presley James Burton website
- ↑ Note: Credits from februar 1970 live album «In Person At The International Hotel, Las Vegas, Nevada -LIVE-» list Hardin and Muhoberac on piano and organ respectively. RCA, ASIN: B000002WFC
- Denne artikkelen bygger på «TCB Band» frå Wikipedia på engelsk, den 7. januar 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- / John Wilkinson Obit