Werner Günthör (fødd 1. juni 1961) er ein sveitsisk tidlegare friidrettsutøvar frå Uttwil. Han vart europameister i kulestøyt i 1986, og vann så tre strake VM-gull i same øvinga i perioden 1987-93. I 1988 fekk han bronsemedaljen under sommar-OL.

Werner Günthör
Statsborgarskap Sveits
Fødd 1. juni 1961 (62 år)
Uttwil
Idrett friidrett, bobsleigh
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Utmerkingar

Årets idrettsutøvar i Sveits

Aktiv endre

Günthör slo gjennom i 1986-sesongen. Under europameisterskapen 1986 i Stuttgart stod kampen om gullmedaljen mellom Günthör og austtyske Ulf Timmermann, dei hine kulestøytarane var ikkje nærleiken av deira lengder. Günthör sikra seg gullmedaljen då han sette sveitsisk rekord med 22,22 m, Timmermann stoppa på 21.84 m. Året etter vart Günthör verdsmeister med eit støyt som målte 22,23 m, dermed slo han den ferske verdsrekordhaldaren, Alessandro Andrei frå Italia, med 23 cm.

I august 1988 gjorde Günthör i Bern sitt livs lengste kulestøyt, og sette sveitsisk rekord med 22,75 meter. Under sommar-OL 1988 i Seoul landa kula til Günthör på 21,99 m, noko som gav han ein bronsemedalje. Både olympiameister Timmermann og Randy Barnes frå USA presterte på ei høgre nivå med sine 22,47 m og 22,39 m.

I 1991 forsvarte Günthör VM-tittelen i Tokyo, i ei kuletevling der han var utan reell konkurranse. Med 21,67 meter som lengst slo han sølvmedaljøren, norske Lars Arvid Nilsen, med 92 centimeter. Etter si svakaste meisterskapstevling på åtte år, hamna Günthör på fjerdeplass under sommarleikane i Barcelona i 1992.

Under friidretts-VM 1993 vann Günthör sin tredje rake VM-tittel i kulestøyt.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre