Rēzekne (tysk Rositten, estisk Räisaku, polsk Rzeżyca russisk Резекне Rezekne) er ein by aust i Latvia. Byen er grunnlagd på den gamle handelsruta mellom Litauen og Pskov, der han snur austover ved elva Rēzekne. Ei latgalisk borg låg her mellom 800-talet og 1200-talet, men vart øydelagd av tyske krossfararar. Byen vert nemnd som Rositten i dokument frå 1285. Byen har fleire gonger vorte øydelagd under krigar, og vart sist gjenoppbygd på 1950-talet.

Rēzekne
Flagget til Rēzekne Byvåpenet til Rēzekne
Flagget til Rēzekne Byvåpenet til Rēzekne
Styresmakter
Land Latvia
Byrettar 1773
Borgarmeister Juris Guntis Vjakse
Geografi
Flatevidd 17,50, 17,12 km²
Flatevidd
 - By

17,48 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

36 345
  2 079/km²
Koordinatar 56°30′N 27°19′E / 56.500°N 27.317°E / 56.500; 27.317
Høgd over havet 158 m
Diverse anna
Postnummer LV-460(1-6)
Telefon-retningsnummer 46
Heimeside: http://www.rezekne.lv/
Plassering
Plassering av Rēzekne
Plassering av Rēzekne

Byen er i dag ei spesiell økonomisk sone og eit senter for utdanning og kultur i landsdelen. Han er vennskapsby med Arendal i Noreg, Vitebsk i Kviterussland og Czestochowa i Polen.

Demografi endre

I 2000 var 39,6 % av innbyggjarane latviarar, 53,9 % russarar, 2,5 % er polakkar og 4,2 % andre nasjonalitetar.

Historie endre

 
Latgalegata på 1920-talet

Den gamle handelsvegen mellom Litauen og Pskov snur aust langs elva Rēzekne. Tyske krossfarar øydela den latgaliske borga som låg her og bygde si eiga borg på 1200-talet. Rēzekne vart øydelagd under den liviske krigen og kom under Polen i 1528. Etter den første oppdelinga av Polen i 1772 kom byen under Det russiske keisarriket. I 1773 fekk han bystatus.

Kongressen for latgalske rettar kom saman i Rēzekne i april 1917 og vedtok å lausrive Latgale frå Vitebsk og gå inn i union med dei andre regionane i Latvia. Rēzekne vart eit senter for kultur og økonomi etter den latviske staten vart stifta.

Under den andre verdskrigen vart byen hardt råka, men i 1950 var han bygd opp att og Rēzekne vart tvangsindustrialisert av dei sovjetiske styresmaktene.

I seinare tid har Rēzekne igjen vorte eit sentrum for kultur. Latgalisk TV har stasjonen sin her og byen har eit vidt spekter av utdanningstilbod.

Attraksjonar endre

 
Borgruiane

Latvia har merka 41 objekt i byen som bevaringsverdige.

Det mest kjende monumentet i Rēzekne er monumentet for latgalisk frigjering, kjend som «Latgales Mara» eller berre «Mara». Det vart opphavleg utforma av Leon Tomasickis og støypt i bronse av skulptøren Karlis Jansons og vart avdekt i 1939. Statuen vart riven ned to gonger av dei sovjetiske okkupasjonsstyrkane, men vart gjenskapt og avduka igjen i 1992.

Borghaugen midt i byen er det eldste historiske vitnesbyrdet i byen. Her ligg restane av ei borg reist av den tyske riddarordenen på 1200-talet.

Den største kyrkja og det høgaste bygget i byen er den katolske domkyrkja Jesu Hjarte. Ho vart i 1995 domkyrkja for det då nyoppretta katolske bispedømet Rēzekne-Aglona. Fasaden er pseudo-romansk, men alteret er pseudo-gotisk. Den eldste kyrkja er den russisk-ortodokse kyrkja bygd i 1840-1846. Ho fekk den noverande utsjånaden ettere i gjenoppbygging i 1906.

Latgale-gatA har mursteinsbygg som er dei eldste som framleis står i byen. Rundt om i byen kan ein òg finne minnesmerke til ære for soldatar som fall for Latvia sitt sjølvstende i 1920 og frigjeringa frå nazismen i 1944. Det finst òg minnesmerke for dei som vart deportert til Sibir i 1941 og 1949 og 30 av innbyggjarane i landsbyen Audrini som vart offentleg avretta i her.

Rēzekne har òg eit museum bygd rundt latgalisk historie og kultur frå steinalderen og fram til i dag.

Kultur endre

 
Kulturhuset

Rēzekne er vert for «Latgales TVs Musikkfestival» og sportsdanskonkurransar. Årlege hendingar er ein songfestival på St. Hans (24. juni), ein kunstmarknadsplass den siste søndagen i september og byfestivalen i september.

Byen har to kulturhus og fire offentlege bibliotek. To teater finst i byen, det eine heiter «Jorick» og er arvtakar etter det russiske nasjonalteateret og det andre heiter «Rēzeknes nasjonalteater» og vart stifta i 1959. Som i alle latviske byer så finst det fleire kor.

Undervisning endre

Rēzekne har åtte større skular, inkludert den polske skulen, Handelsskulen, Kunsthøgskulen og Musikkhøgskulen. Eit institutt for høgare utdanning vart etablert i 1993. Det har fire fakultet innan økonomi, pedagogikk, tekniske fag og humaniora.

Transport endre

 
Stasjonen Rezekne II

Jernbanelinjene Riga-Moskva og Warszawa-St. Petersburg går begge gjennom byen og jernbanestasjonar er bygd for å tene desse. Ein del gods frå Russland mot Austersjøen går gjennom byen, i tillegg til passasjertrafikken.

Riksvegen A12 går frå byen og går inn på A6 mot Riga.

Byen har ein liten flyplass, men den nyttast berre av grensevakter.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rēzekne

Kjelder endre