Latgale

(Omdirigert frå Latgalia)

Latgale eller Latgalia[a] er ein av fire kulturelle regionar i Latvia som er nedfelt i grunnlova. Han er den austlegaste regionen nord for elva Daugava. Medan det meste av Latvia er protestantisk er Latgale hovudsakleg romersk katolsk.

Latgale
region
Latviske kulturelle og historiske regionar og byar.
Land  Latvia
Areal 14 547 km²
Folketal 251 503 (2021)[1]
Kart
Latgale
56°31′21″N 27°01′57″E / 56.5225°N 27.0324°E / 56.5225; 27.0324
Wikimedia Commons: Latgale

Regionen har ein stor folkesetnad med etniske russarar, særleg i Daugavpils, den største byen i regionen. Mange av russarane som budde i Latgale før det kom under Sovjetunionen var gammaltruande. Rēzekne, ofte kalla hjarte av Latgola, Krāslava og Ludza er andre store byar i regionen, som òg har ein kviterussisk minoritet. I tillegg er det framleis ein større polsk minoritet (Daugavpils har nesten like mange polakkar som latviarar).

Regionen er ein av dei fattigaste i EU og i motsetnad til det resten av Latvia var majoriteten av veljarane imot EU-medlemskap i folkeavstemminga.

Merknader

endre
  1. latvisk Latgale, latgalisk dialekt Latgola

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Latgale