Laurelia novae-zelandiae
Laurelia novae-zelandiae | |
![]() Laurelia novae-zelandiae | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytina |
Orden: | Laurales |
Familie: | Atherospermataceae |
Slekt: | Laurelia |
Art: | Laurelia novae-zelandiae L. novae-zelandiae |
Vitskapleg namn | |
Laurelia novae-zelandiae |
Laurelia novae-zelandiae (også kalla pukatea) er eit stort eviggrønt tre som er endemisk (stadeige) til New Zealand.[1]
UtbreiingEndra
Pukatea veks over heile Nordøya på New Zealand, og på den nordlege tredjedelen av Sørøya. Det veks ofte i fuktige og skuggefulle låglandsskogar, gjerne i erosjonskløfter.
UtsjånadEndra
Pukatea kan veksa seg 40 m høgt, og er det einaste newzealandske treet som utviklar kraftige støtterøter. Dei mørkegrøne, elliptiske blada er fem til sju cm lange og grovt taggete.
BrukEndra
Historisk har det lette, men sterke tømmeret til pukatea vorte brukt til båtbygging. Eit uttrekk frå borken som inneheld alkaloidet pukateine vart brukt av maoriane i tradisjonell urtemedisin som eit smertestillande middel. Uttrekk frå ulike delar av borken vart også brukt til handsaming av sår, mageplager og kjønnssjukdomar.[2][3]
ReferansarEndra
- ↑ http://www.teara.govt.nz/en/tall-broadleaf-trees/5 Te ara: Encyclopedia of New Zealand - Article on tall broad-leafed trees- forest giants.
- ↑ Pukatea. Te Ara: The Encyclopedia of New Zealand
- ↑ Pukatea. University of Otago Farmakologisk institutt.
- Denne artikkelen bygger på «Laurelia novae zelandiae» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2008.