Lego Harry Potter: Years 1-4

Lego Harry Potter: Years 1-4 er eit dataspel i Lego-videospelserien, utvikla av Traveller's Tales og utgjeve av Warner Bros. Spelet er basert på Harry Potter, og historia i spelet dekkjer dei fire fyrste bøkene og filmane om Harry Potter.

Lego Harry Potter: Years 1-4
Utviklar(ar)Traveller's Tales
Utgjevar(ar)Warner Bros. Interactive Entertainment
DistributørSteam, GOG.com, Humble Store, Nintendo eShop, PlayStation Now, App Store, PlayStation Store, Google Play
Basert påFilmen Harry Potter og de vises stein, Filmen Harry Potter og Mysteriekammeret, Filmen Harry Potter og fangen fra Azkaban, Filmen Harry Potter og ildbegeret
SerieLego Harry Potter
Plattform(er)Nintendo DS, Wii, Xbox 360, PlayStation 3, Microsoft Windows, PlayStation Portable, macOS, iOS, PlayStation 4, Xbox One, Android
Utgjeving29. juni 2010
Sjangeraction-eventyrspel
Spelemoduseinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 7
Nettstadhttp://games.kidswb.com/official-site/lego-harry-potter/
Del av serien Lego Harry Potter⠀
Lego Harry Potter: Years 5-7

Gameplay

endre

Gameplayet i Lego Harry Potter er veldig liknande det som finst i tidlegare Lego-spel, der vekta ligg i å samle og utforske. Å utføre trylleformular er ein stor del av spelet, og det er eit veldig breidt spekter av trylleformular å lære ettersom ein gjer framgang i spelet. Det er også mogleg å lage eliksirar, som kan hjelpe spelaren å fullføre nivået om eliksiren er laga riktig. Ein skal også kome seg gjennom skoletimar og meistre å fly på sopelimar. Det er også mogleg å velje mellom anna over 100 forskjellige karakterar å bruke spelet gjennom.

Kjelder

endre