Leila Shahid (fødd 13. juli 1949) er ein palestinsk diplomat.[1] Ho var den fyrste kvinnelege ambassadøren for Palestina.

Leila Shahid

Statsborgarskap Libanon, Palestina
Fødd 13. juli 1949 (75 år)
Beirut
Yrke politikar, diplomat
Språk fransk, arabisk, engelsk
Far Munib Shahid
Mor Serene Husseini Shahid
Leila Shahid på Commons

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Leila Shahid er dotter av Munib Shahid og Serene Husseini Shahid og dimed del av al-Husayni-klanen.[2][3][4] Foreldra hennar var høvesvis frå Akko og Jerusalem, men ho vaks opp med dei to systrene sine i landflyktigheit i Libanon. Der fekk ho skulegangen si og tok vidaregåande skule på Collège protestant français i Beirut.

Shahid er ikkje sjølv bahai, men er tippoldebarn til baha'i-profeten Baha'u'llah gjennom far sin, som var eit barnebarn av Abdu'l-Baha.[5] Faren hennar blei ekskommunisert frå bahai-fellesskapet på grunn av motstanden sin mot Shoghi Effendi.[6]

Engasjement for palestinarane

endre

Etter å ha studert antropologi og psykologi ved Det amerikanske universitet i Beirut, arbeida Shahide i palestinske flyktningleirar til 1974 då ho byrja på doktorgraden i antropologi i Paris. I Paris møtte ho forfattaren Jean Genet.

I 1976 blei Shahid vald til president av foreininga Union générale des étudiants palestiniens.[7][8]

I september 1982 drog Shahid og Genet til Beirut. Dei kom til under massakrane i Sabra og Shatila, som blei gjennomførte av styrkar knytte til det libanesiske falangistpartiet. Genet sine skildringar om dette blei publisert i La revue d'études palestiniennes, i ein artikkel med tittelen «Quatre heures à Chatila» ('Fire timar i Shatila'). Filmen Dancing Among the Dead av Catherine Biscovitch var basert på denne artikkelen av Genet.[9]

Shahid var mangeårig redaktør for La revue d'études palestiniennes, og blei etterpå medlem av styret for bladet.[10]

Representant for PLO, ambassadør for Den palestinske sjølvstyresmakta

endre

Shahid representerte PLO i Irland i 1989, i Nederland i 1990, og var deretter ambassadør for den palestinske sjølvstyresmakta i Frankrike der ho tiltredde i Paris i 1993.[11] Frå 2006 til 2014 var ho den palestinske generaldelegaten til EU, Belgia og Luxembourg.[12]

I 2004 var Shahid saman med den palestinske leiaren Yasser Arafat under dei siste dagane hans på sjukehus utanfor Paris.[13]

Russell Tribunal on Palestine vart oppretta som svar på ei oppfordring frå Shahid og Ken Coates (leiar av Bertrand Russell Peace Foundation), Nurit Peled (israelar, som mottok Sakharovprisen for ytringsfridom i 2001).[14]

Kjelder

endre
  1. Giblin, Blanc (2016). «Palestine, Arabs and the Arab world. An Interview with Leïla Shahid». 
  2. Leila Shahid The resolve of a Palestinian envoy, Interview by Sophie Boukhari and Amy Otchet, Unesco
  3. Leila Shahid Arkivert 2009-10-01 ved Wayback Machine., at the Russell Tribunal on Palestine
  4. Mrs. Leila Shahid Arkivert 2010-05-13 ved Wayback Machine., Eurojar
  5. Aghdasi, Farzin. «The Vision of Shoghi Effendi: A Study» Session 5: Covenant Breakers: in the East, the West, and at the World Center. http://www.bci.org/bahaistudies/courses/shoghi.htm Archive : https://web.archive.org/web/20140221112645/http://www.bci.org/bahaistudies/courses/shoghi.htm
  6. Momen, Moojan. «Blasphemy Against the Holy Spirit.» s. 290. http://irfancolloquia.org/pdf/lights10_momen.pdf
  7. Running-Johnson, Cynthia (2001). «"La Vision Invisible": Feminine Bodies in Jean Genet's "Quatre Heures À Chatila"». Romance Notes 41 (3): 333–345. ISSN 0035-7995. JSTOR 43802796. 
  8. BBC World Service (2012). Leila Shahid – Palestinian Authority Ambassador to the EU (Audio).
  9. «Leila Shahid, Jean Genet and the Position of Sudden Departure». www.mafhoum.com. Henta 2. mai 2021. 
  10. «14th edition – 2019». PCMMO - Panorama des Cinémas du Maghreb et du Moyen-Orient (på fransk). 27. oktober 2020. Henta 2. mai 2021. 
  11. «Questions swirl around Arafat's health - Oct 30, 2004». edition.cnn.com. Henta 2. mai 2021. 
  12. «Leila Shahid leaves her function of Palestinian delegate to Belgium and the EU». Brussels Diplomatic (på engelsk). 14. desember 2014. Henta 2. mai 2021. 
  13. «Witness, The Last Days of Yasser Arafat». BBC (på engelsk). Henta 4. desember 2018. 
  14. «The Russell Tribunal on Palestine». CJPME - English (på engelsk). 15. november 2011. Henta 2. mai 2021.