Leirvik er kommunesenteret i bykommunen Stordøya Stord i Vestland fylke. Leirvik er i tillegg regionssenter for Sunnhordland. I Leirvik finst det fleire offentlege tenester, slik som regional domstol og Sunnhordland museum.

Leirvik
tettstad
Bussterminalen på Leirvik
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stord
Areal 9,67 km²
Folketal 14 507  (2023)
Folketettleik 1 500 / km²
Postnummer 5417 Stord
Preposisjon Leirvik
Kart
Leirvik
59°47′00″N 5°30′00″E / 59.783333333333°N 5.5°E / 59.783333333333; 5.5
Wikimedia Commons: Leirvik, Stord
For andre stader med same namnet, sjå Leirvik (fleirtyding).

Leirvik har fleire butikkar og kjøpesenter, og er ein viktig stad for handel i Sunnhordland. Det finst fleire restaurantar. Hamna i Leirvik er veldig populær særleg om sommaren. I 1997 vart det vedteke at heile Stord kommune skulle verta by. Fram til den tid var det eit ordskifte om det var Leirvik eller heile kommunen som skulle verta by. Ein prøvde å offisielt døypa om Leirvik til Stord men namnet Leirvik er framleis namnet på kommunesenteret. Leirvik-området har det mest bymessige busetnadsmønsteret i kommunen.

Lokalt vert Leirvik omtala som «Vikjo». Namnet Leirvik kjem av dei geologiske tilhøva på staden. Grunnen inneheld nemleg svært mykje leire.

Leirvik har lange tradisjonar som hamn grunna den strategiske og lune plasseringa langs leia mellom Bergen og Haugesund. Tidlegare gjekk det ferje frå Leirvik sentrum, men all ferjetrafikken er no flytta til Skjersholmane. Dei rutegåande båtane til HSD og Flaggruten har derimot faste stopp på Leirvik.

Bakgrunnsstoff endre