Opna hovudmenyen

Leni Riefenstahl (22. august 19028. september 2003) var ein tysk filmregissør og fotograf. Ho var nyskapande innan sjangrane, og utvikla fleire av dagens standarteknikkar innan filming. Riefenstahl er best kjend for å ha laga propagandafilmar for Nazi-Tyskland, særleg filmen Olympia, laga til Sommar-OL 1936.

Leni Riefenstahl
Leni Riefenstahl, 1935.jpg
Fødd 22. august 1902
Berlin
Død

8. september 2003
Pöcking

Yrke filmregissør, skodespelar, fotograf, filmprodusent, filmklyppar, manusforfattar, filmskodespelar
Leni Riefenstahl på Commons

Helene Bertha Amalie Riefenstahl var fødd i Berlin og voks opp i bydelen Wedding. Ho starta karrieren som dansar, men ein kneskade gjorde at ho måtte gje seg. Interessa for filmmediet førte først til skodespelarrollar i fleire stumfilmar før ho tok til som regissør.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  • Diesen, Jan Anders & Emilsen, Ann-Sofi S. Leni Riefenstahl. I Store norske leksikon.
  Denne filmartikkelen som har med Tyskland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.