Level Headed
Level Headed Studioalbum av Sweet | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3. januar 1978 | |
Innspelt | 1977 | |
Studio | Château d'Hérouville i Frakrike; Kingsway Recorders i London | |
Sjanger | ||
Lengd |
| |
Selskap | ||
Produsent | Sweet | |
Sweet-kronologi | ||
---|---|---|
The Golden Greats (1977) |
Level Headed | Cut Above the Rest (1979)
|
Singlar frå Level Headed | ||
|
Level Headed er det sjette studioalbumet til det britiske glamrockbandet Sweet. Ulike versjonar kom ut på Polydor i Europa og på Capitol i USA, Canada og Japan. Albumet inneheld songen «Love Is Like Oxygen», som vart den siste hitten deira som nådde topp 40. Songen nådde åttandeplassen i USA og niandeplassen i Storbritannia. Singelversjonen av «Love Is Like Oxygen» er vesentleg kortare enn albumversjonen. Ein andre singel, «California Nights», kom ut frå albumet, men nådde berre 76. plassen i USA.
Dette var det siste albumet med den klassiske Sweet-besetninga, sidan Brian Connolly slutta i bandet kring eit år etter albumet kom ut for å satse på ein solokarriere. Den attverande trioen med Steve Priest, Andy Scott og Mick Tucker fortsette, og gav ut tre album til før dei vart oppløyste i 1981.
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
AllMusic likte albumet i meldinga si og særskild dei mange stilane og at bandet hadde gått heilt bort får tyggegummipopen på tidlegare singlar til albumbasert rock. Dei konkluderte «Dette er absolutt ikkje klassisk Sweet, men det er nettopp det som er bra med Level Headed - dei er ujamne og eventyrlystne, snublar av og til, men lagar alltid interessant musikk på eit album som er alt anna enn tittelen lover.»[1]
Innhald
endreAlle songane skrivne og komponerte av Brian Connolly, Steve Priest, Andy Scott, and Mick Tucker utanom der andre er nemnde.
Polydor-utgåva
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Dream On» | Scott | 2:53 |
2. | «Love Is Like Oxygen» | Scott, Trevor Griffin | 6:53 |
3. | «California Nights» | 3:45 | |
4. | «Strong Love» | 3:28 | |
5. | «Fountain» | 4:44 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Anthem No. I (Lady of the Lake)» | 4:11 | |
7. | «Silverbird» | 3:26 | |
8. | «Lettres D'Amour» | 3:30 | |
9. | «Anthem No. II» | 1:02 | |
10. | «Air on 'A' Tape Loop» | Priest, Scott, Tucker | 5:59 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Love Is Like Oxygen» (singelversjonen) | 3:48 |
12. | «Cover Girl» | 3:34 |
13. | «California Nights» (singelversjonen) | 3:22 |
14. | «Show Me The Way» | 3:22 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Love Is Like Oxygen» (singelversjonen) | 3:49 |
Capitol-utgåva
endreDenne versjonen har eit anna plateomslag og anna rekkjefølgje på songane.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «California Nights» | 3:39 |
2. | «Silverbird» | 3:24 |
3. | «Dream On» | 2:50 |
4. | «Fountain» (siste del med cembalo er kortare og ingen hi-hat-cymbal) | 4:12 |
5. | «Love Is Like Oxygen» | 6:49 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Anthem No. I (Lady of the Lake)» | 4:08 |
7. | «Strong Love» | 3:28 |
8. | «Lettres D'Amour» | 3:27 |
9. | «Anthem No. II» | 0:58 |
10. | «Air on 'A' Tape Loop» | 5:59 |
Medverkande
endre- Brian Connolly – solovokal (utanom as noted)
- Steve Priest – bassgitar, synthesizer voice, solovokal (spor 3), korvokal
- Andy Scott – gitar, synthesizer, solovokal (spor 1, 5), korvokal
- Mick Tucker – trommer, perkusjon, korvokal
- Andre medverkande
- Ronnie Asprey – massingblåseinstrument
- Richard Harvey – barokk blåseinstrument
- Stevie Lange – vokal (spor 8)
- Geoff Westley – klaverinstrument, strykararrangement (spor 6, 9)
- Louis Austin - lydteknikar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Level Headed» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: