Love Is Like Oxygen

Love Is Like Oxygen
Singel av Sweet
frå albumet Level Headed
B-side

Cover Girl

Utgjeve 6. januar 1978
Innspelt 1977
Sjanger
Lengd
  • 6:57 (album)
  • 3:46 (singel)
Selskap
Låtskrivar(ar)
Produsent Sweet
Sweet-kronologi
«Stairway to the Stars»
(1977)
Love Is Like Oxygen «California Nights»
(1978)


«Love Is Like Oxygen» er ein song av det britiske bandet Sweet og gjeven ut i januar 1978. Han vart skriven av gitaristen Andy Scott og Trevor Griffin, ein musikar som hadde spelt med fleire ulike band før han vart scenarbeidar og lydteknikar. Songen var ein annan stil enn tidlegare innspelingar av Sweet, som var meir gitardrivne og med lyse vokalharmoniar. Den lengre albumversjonen av songen (nesten sju minutt lang) kom ut på albumet deira Level Headed, med strykarar og nokre discoelement.

Den første utgåva deira på Polydor etter at dei forlet RCA vart òg den siste topp 10-hitten deira. Singelen nådde fjerdeplassen i New Zealand, sjetteplassen i Sveits, åttandeplassen i Belgia, Canada og USA, niandeplassen i Storbritannia og Australia og tiandeplassen i Vest-Tyskland.

Seinare på året vart songen nominert til årets song under Ivor Novello Awards, men tapte for «Baker Street» av Gerry Rafferty. Songen er ofte med på samlealbum av bandet, vanlegvis representert av den redigerte singelversjonen.

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (1978) Plassering
Australia 9
Austria 23
Belgia 8
Canada 8
Finland 7
Vest-Tyskland [4] 10
Irland 8
Nederland 16
New Zealand[5] 6
Sveits 6
UK Singles Chart[6] 9
US Billboard Hot 100[7] 8

ÅrslisterEndra

Liste (1978) Plassering
Australia [8] 55
Canada [9] 63
New Zealand [10] 29
U.S. Billboard Hot 100 [11] 23

KjelderEndra

  1. Thompson, Dave. Love Is Like OxygenAllmusic. Henta 12. mars 2016.
  2. Don Breithaupt (15. mai 2007). Steely Dan's Aja. A & C Black. s. 87. ISBN 978-0-8264-2783-0. 
  3. Kim Cooper; David Smay (2001). Bubblegum Music is the Naked Truth. Feral House. s. 299. ISBN 978-0-922915-69-9. 
  4. «Die ganze Musik im Internet: Charts». Musicline.de. Arkivert frå originalen 2016-03-23. Henta 13. oktober 2016. 
  5. NZ Top 40 Singles Chart, 16. juli 1978
  6. «UK Official Charts». Official Charts Company. 2019. Henta 1. oktober 2021. 
  7. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  8. «Australian Chart Book». Austchartbook.com.au. Arkivert frå originalen 2016-03-05. Henta 13. oktober 2016. 
  9. «Image : RPM Weekly Top 200 Singles of '78». bac-lac.gc.ca. Library and Archives Canada. 17. juli 2013. Henta 22. august 2016. 
  10. «Top Selling Singles of 1978 | The Official New Zealand Music Chart». Nztop40.co.nz. 31. desember 1978. Henta 13. oktober 2016. 
  11. «Top 100 Hits of 1978/Top 100 Songs of 1978». Musicoutfitters.com. Henta 13. oktober 2016. 

BakgrunnsstoffEndra