Lewinia

fugleslekt
Lewinia
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Tranefuglar Gruiformes
Familie: Riksefamilien Rallidae
Slekt: Lewinia
Gray, 1855

Lewinia er ei biologisk slekt av små vassfuglar i riksefamilien. Ho er representert med tre artar med samla utbreiing i Filippinane, Ny-Guinea, Australia og på Aucklandøyane, New Zealand. Dei var tidlegare plassert i eit felles artstakson i slekta Rallus,[1] men skjeletta av Lewinia-riksene har ikkje fellestrekk med dei av slekta Rallus. Dei viser likevel ein overflatisk likskap med orientrikse, som no tilhøyrer slekta Gallirallus. Systematikken av Charles og Monroe 1990[2] set like fullt ikkje dei to slektene Dryolimnas og Lewinia i nær samanheng. Lewinia-riksene varierer i storleik frå 17 til 27 centimeter.

Artar og utbreiinga deira, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

  • Luzonrikse (Lewinia mirifica) vart skildra i 1959 av Dean Amadon og Kenneth C. Parkes. Ho var tidvis vurdert å vere ein underart av brunnakkeriksa. Leveviset er lite kjent. Utbreiinga er avgrensa til den filippinske øya Luzon.
  • Brunnakkerikse (Lewinia pectoralis) er typearten. Ho vart skildra i 1831 av Coenraad Jacob Temminck. Det er sju verna underarter som finst i Ny-Guinea, austlege Australia, Sør-Australia og Tasmania. Underartaen Lewinia pectoralis clelandi frå Sør-Australia har ikkje vore observert etter 1931 og blir rekna å vere utdøydd.
  • Aucklandrikse (Lewinia muelleri) vart skildra i 1893 av Walter Rothschild. Ho var lenge kjent berre frå typeprøva, som vart kjøpt i 1874, til ho vart gjenoppdaget i 1966. Ho er endemisk for øyane Adams Island og Disappointment Island, Aucklandøyane. Til tider vart ho klassifisert som underart av brunnakkeriksa.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, (2005) ISBN 978-0-14-302040-0
  2. Charles Gald Sibley, Burt Leavelle Monroe: Distribution and taxonomy of birds of the world. Yale University Press, 1990: S. 223.
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff endre