Lewis Boogie
Singel av Jerry Lee Lewis
B-side

«The Return of Jerry Lee»

Utgjeve Juni 1958
Innspelt 1957
Sjanger Rockabilly
Lengd 2:00
Selskap Sun
Tekstforfattar Jerry Lee Lewis
Låtskrivar(ar) Jerry Lee Lewis

«Lewis Boogie» er ein song skriven av Jerry Lee Lewis i 1956 og gjeven ut på singel i juni 1958 på Sun Records. B-sida til singelen var «The Return of Jerry Lee».[1][2]

Bakgrunn endre

«Lewis Boogie» vart spelt inn sommaren 1957 i Sun Records studios i 706 Union i Memphis i Tennessee. Medverkande på innspelinga var Jerry Lee Lewis på vokal og piano, Roland Janes på gitar og Jimmy Van Eaton på trommer.[3]

Jerry Lee Lewis spelte inn eit konsertopptak av songen med det britiske bandet The Nashville Teens på konsertalbumet Live at the Star Club, Hamburg i 1964.

«Lewis Boogie»[4] vart nytta i biografifilmen om Johnny Cash, Walk the Line, der han vart framført av Waylon Payne.

Kjelder endre

  1. Sun Records Discography.
  2. The Jerry Lee Lewis Sun Collection.
  3. Sun Singles 3.
  4. Jake Austen, TV-a-Go-Go: Rock on TV from American Bandstand to American Idol (Chicago Review Press, 2005), 316.