Live at the Star Club, Hamburg

Live at the Star Club, Hamburg
Konsertalbum av Jerry Lee Lewis med The Nashville Teens
Språk engelsk
Utgjeve 1964
Innspelt Star-Club, Hamburg, 5. april 1964
Sjanger Rock and roll, country
Lengd 37:02
Selskap Tyske Philips
Produsent Siggi Loch
Jerry Lee Lewis med The Nashville Teens-kronologi 
Jerry Lee's Greatest
(1962)
Live at the Star Club, Hamburg Golden Hits of Jerry Lee Lewis
(1964)


Live at the Star Club er eit konsertalbum frå 1964 av rock and roll-pianisten Jerry Lee Lewis og The Nashville Teens. Opptaket til albumet vart gjort i Star-Club i Hamburg i Tyskland den 5. april 1964. Det vert av mange musikkskribentar rekna som eit av dei villaste og beste rock and roll-konsertalbuma nokon gong.[1][5][6][7][8] Albumet er med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[1]
Robert Christgau(A)[2]
Rolling Stone5/5 stars[3]
Stylus Magazine(positiv)[4]

Innspeling endre

Live at the Star Club vart produsert av Siggi Loch, som leia jazzavdelinga ved Philips Records. I boka til Joe Bonomo, Lost And Found, seier Loch «...eg forstod at det var alle desse unge, hovudsakleg britiske, banda som spelte Chuck Berry og andre kvite, amerikanske rock and roll-artistar, dei store heltane deira. Og eg gjekk til eigaren og føreslo å byrje å gjere opptak i Star-Club, noko eg gjorde.» I følgje Loch var oppsettet enkelt, med mikrofonar plasserte så nær instrumenta så mogeleg, og ein stereomikrofon plassert i publikum for å fange atmosfæren. Resultatet var lydmessig særs bra, og Bonomo skriv at «Baktalarar klagarar over den kræsjande støyen på albumet, mangelen på spissfindigheit i songane til Jerry Lee, og at pianoet er miksa for høgt, men det som er sikkert er at Siggi Loch denne vårkvelden fanga noko brutalt ærleg ved The Killer, noko primalt og tidlaust i sentrum av den beste rock & rollen...»

Det vart spelt inn sekste songar over to sett. Det første settet bestod av «Down The Line», «You Win Again», «High School Confidential», «Your Cheatin' Heart», «Great Balls of Fire», «What'd I Say (Parts 1 & 2)», og «Mean Woman Blues». Det andre settet bestod av «Good Golly Miss Molly», «Matchbox, «Money», «Whole Lotta Shakin' Goin' On», «Lewis Boogie», «Hound Dog», «Long Tall Sally» og «I'm On Fire».[9] «Down The Line», var ikkje med på det originale albumet på grunn av feil ved lyden i byrjinga. Denne kom ut på den franske Mercury-singelen Les Rois du Rock, Vol. 8: Jerry Lee Lewis og seinare utgjeven på album på Bear Family Records. En trur lydbanda til «You Win Again» og «I'm On Fire» er gått tapt.

I fleire tiår var albumet berre tilgjengeleg i Europa på grunn av juridiske restriksjonar. I 2014 sa Lewis til biografiforfattaren Rick Bragg «Oh, man, det var ei monsterplate», men plateselskapet «betalte med aldri eitt øre.» Lewis snakka med Patrick Doyle i Rolling Stone i 2014 at han framleis var stolt over at han «heldt seg til rock & roll, medan resten gjekk vidare. Eg heldt ballen rullande med det.»

Mottaking endre

Live at the Star Club, Hamburg vert generelt rekna som eit av dei beste rock and roll-konsertalbuma nokon gong. Det vart spelt inn i «villmarksåra» hans etter skandalen som oppstod då han gifta seg i 1958 med det då 13 år gamle syskenbarnet sitt, Myra. Albumet syner Lewis som ein særs dugande pianist og songar. Milo Miles i Rolling Stone gav albumet fem av fem stjerner og skreiv «Live At The Star Club, Hamburg er ikkje eit album, det er ein åstad. Jerry Lee Lewis slaktar rivalane sine med desse tretten songane i det som kjennest som eit langt anfall. Det vart spelt inn 5. april 1964, og er det tidlegaste og mest ville av konsertane til Lewis frå villmarksåra hans...».[6]Q Magazine skreiv «Dette er kanskje den mest spennande konserten som nokon gong er fanga på lydband...».[7] Albumet var med på lista til Mojo's «67 tapte album du bør ha!» - «Ein nesten utruleg seismisk dokumentasjon av rock 'n' roll, då demonisk og primalt at det nesten ikkje kan behalde scenekleda på... Det er der oppe med dei flotte konsertalbuma til James Brown[8]

AllMusic skreiv om albumet: «Ord kan ikkje skildre - kan ikkje fange - framføringa på Live at the Star Club, Hamburg, eit album som inneheld sjølve essensen i rock & roll...Live at the Star Club er ekstraordinært - den reinaste, hardaste rock & roll som nokon gong har vore på plate...Han høyrest besett ut, og slår på tangentane så hardt at det høyrest ut som dei skal knusast, og rockar hardare enn nokon verken før eller seinare. Samanlikna med dette, høyrest thrash metal tamt ut, The Stooges høyrest tilbakehaldne ut, hardcore punk verkar nøytralt og Sex Pistols høyrest ut som pyser. Rock & roll handlar om flammen i framføringa, og ingenting høyrest så flammande ut som dette. Ingenting slår så hardt eller høyrest så høgt ut heller. Det er ikkje å trekkje det for langt å kalle dette det beste konsertalbumet gjennom tidene, eller det beste rock and roll-albumet. Likevel kan ikkje ord skildre musikken her - det er verkeleg eit album som må høyrast for at ein skal tru det.»[1]

Joe Bonomo kallar «Mean Woman Blues», opninga på albumet «rett og slett ein konsert i seg sjølv». Forfattaren Colin Escott skildra Lewis si framføring av Hank Williams-klassikaren «Your Cheatin' Heart» som ein einmanns kraftprestasjon, «ei makelaus blanding av alt som var Jerry Lee Lewis. Det bluesaktige pianoet vert kasta inn i denne hillbilly-klassikaren og har ein vokal med sviande intensitet.»[9] I boka si Jerry Lee Lewis: His Own Story skriv Rick Bragg at på Live at the Star Club, Hamburg, høyrest pianoet ut som «det av og til skal bryte saman, som om hand spelar meir med ein hammar enn med kjøt og blod» og kallar det «eit av dei råaste og mest spektakulære albuma som nokon gong er laga.»

Innhald endre

Side A

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Mean Woman Blues»Claude Demetrius4:01
2.«High School Confidential»
  • Ron Hargrave
  • Jerry Lee Lewis
2:25
3.«Money (That's What I Want)»4:35
4.«Matchbox»Carl Perkins2:46
5.«What'd I Say, Part 1»Ray Charles2:18
6.«What'd I Say, Part 2»Charles3:08

Side B

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Great Balls of Fire»
1:48
2.«Good Golly, Miss Molly»2:19
3.«Lewis Boogie»Jerry Lee Lewis1:55
4.«Your Cheatin' Heart»Hank Williams3:03
5.«Hound Dog»2:28
6.«Long Tall Sally»
1:52
7.«Whole Lotta Shakin' Goin' On»
  • Sunny David
  • Dave Williams
4:24

Medverkande endre

Musikarar
  • Jerry Lee Lewis – piano, vokal
  • Johnny Allen – gitar
  • Pete Shannon Harris – bass
  • Barry Jenkins – trommer
Teknisk personell
  • Sigfried Loch – produsent
  • Ingrid Buhring – fotograf
  • Peter Van Raay – fotograf
  • Richard Weize – fotograf, produsent for nyutgjeving
  • Bob Jones – mastering

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Erlewine, Stephen Thomas (2009). Live at the Star Club, Hamburg [Rhino] - Jerry Lee Lewis: Review. AllMusic. Henta 30. juli 2017.
  2. Christgau, Robert (June 24, 2011). Jerry Lee Lewis/Wire. MSN Music. Henta 30. juli 2017.
  3. Jerry Lee Lewis - Live At The Star Club, Hamburg CD Album. Muze. CD Universe. Henta 30. juli 2017.
  4. Faust, Edwin C. (September 19, 2003). Jerry Lee Lewis - Live At The Star-Club Hamburg - On Second Thought. Stylus Magazine. Henta 30. juli 2017.
  5. Peter Checksfield, «Jerry Lee Lewis. The Greatest Live Show on Earth», Record Collector, #188 - April 1995, p. 79.
  6. 6,0 6,1 Miles, Milo (June 6, 2002). Live at the Star Club, Hamburg [Bear Family] av Jerry Lee Lewis | Music Reviews. Rolling Stone. Henta 30. juli 2017.
  7. 7,0 7,1 Q Magazine, #1, 2002, p. 59.
  8. 8,0 8,1 Mojo, 3/01/2004, p. 52.
  9. 9,0 9,1 Joe Bonomo, Jerry Lee Lewis: Lost and Found (Continuum Books, 2009), av Joe Bonomo.

Bakgrunnsstoff endre