Lewis Gordon Pugh

Lewis Gordon Pugh (fødd 5. desember 1969 i Plymouth) er ein britisk langdistansesymjar, advokat og eventyrar. Han har mellom anna sumt utanfor Nordkapp, Svalbard, Arktis og Antarktis, og han har sumt Sognefjorden på langs.

Lewis Gordon Pugh

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 5. desember 1969 (54 år)
Plymouth
Yrke oppdagar, advokat, symjar
Språk engelsk
Far P. D. Gordon Pugh
Nettstad http://lewispugh.com/
Lewis Gordon Pugh på Commons

Pugh budde sine fyrste 10 år i England, men flytta så med familien til Sør-Afrika. Ein månad etter at han hadde hatt sin fyrste ordentlege symjetime som 17-åring, sumde han frå Robben Island til Cape Town. Ikkje lenge etter sumde han også over den engelske kanalen. Han studerte juss ved universitetet i Cape Town og Jesus College i Cambridge, og jobba så som advokat i London, før han for alvor byrja med langdistansesymjing i kalde og vanskelege farvatn.

Pugh er innehaver av den sørafrikanske Ikhamanga-ordenen i gull.

Symjerekordar endre

  • 1992: Fyrste symjar over Malawisjøen i Afrika.
  • 1994: Fyrste symjar rundt Afrikas sørlegaste punkt, Kapp Agulhas.
  • 2003: Fyrste symjar rundt Nordkapp i Noreg. Han symja 5 km på 1 time og 4 min.
  • 2004: Fyrste symjar rundt Kapp Det Gode Håp og Kapp-halvøya i Sør-Afrika.
  • 2004: Fyrste symjar langs heile Sognefjorden i Noreg. Fjorden er 204 km lang og han brukte 21 dagar. Han hadde berre på seg badebukse og badehette. For å betre tole det iskalde vatnet hadde han lagt på seg 10 kg før turen.[1]
  • 2005: Verdas nordlegaste symjing, 80° nord. Han sumde 1 km ved Verlegenhuken på Spitsbergens nordspiss.
  • 2005: Verdas sørlegaste symjing, 65° sør. Han sumde 1 km ved Petermann Island i Antarktis.
  • 2006: Verdens lengste symjetur i isvatn. Han sumde 1200 m i Brevatnet ved Nigardsbreen i Noreg.
  • 2006: Sumde heile Themsen på langs. Han sumde 352 km på 21 dagar.
  • 2007: Fyrste symjar over Nordpolen. Han sumde 1 km på 18 min og 50 hundredelssekund i -1,8 - 0 °C.

Referansar endre

Kjelder endre