Lidia Elena Șimon (fødd 4. september 1973) er ein rumensk tidlegare langdistanseløpar som i 1998 vart europameister 1998 og verdsmeister 2001 i maratonløping. Ho vann elles OL-sølv 2000 og to VM-bronsar på same distansen, samt ein EM-bronse på 10 000 meter.

Lidia Şimon


Statsborgarskap Romania
Fødd 4. september 1973 (50 år)
Târgu Cărbuneşti
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Șimon vann si fyrste internasjonale medalje då ho i 1997 vart nummer tre i maratonløpet under verdsmeisterskapen i Aten, vel to minuttar bak vinnaren Hiromi Suzuki frå Japan. Året etter vann Șimon ein ny bronsemedalje, då på 10 000 m i europameisterskapen i Budapest. Sonia O’Sullivan frå Irland vann milløpet etter ein sterk sisterunde, medan portugisiske Fernanda Ribeiro kneip sølvmedaljen framom Șimon. Under VM 1999 tok Șimon endå ein bronsemedalje då ho atter satsa på maratonløpet, der ho enda 42 og 39 sekundar bak medaljevinnarane i mål.

Under Sommar-OL 2000 i Sydney tok Șimon eitt steg opp på sigerspallen til sølvmedalje, slått med åtte sekundar japanske Naoko Takahashi. Året etter kjempa Șimon om sigeren ved VM i Edmonton mot ein annan japansk maratonløpar, Reiko Tosa, og vann gullmedaljen med ein margin på seks sekundar. Sidan deltok Șimon i internasjonale meisterskapløp til 2012, utan ho makte sanke fleire medaljar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre