Lidija Andrejevna Ruslanova (14. oktober 190021. september 1973) var ein russisk songar som var ein av dei best kjende utøvarane av russisk folkemusikk på 1900-talet. Ho har fått æra for å ha gjenoppliva gamle folkeviser og gjera dei kjende for eit yngre publikum.[1]

Lidija Ruslanova

Fødd14. oktober 1900
FødestadChernavka
Død21. september 1973 (72 år)
DødsstadMoskva
Fødenamnrussisk Агафья Лейкина, Agafia Lejkina
Aliasrussisk Лидия Андреевна Русланова, Lidija Andrejevna Ruslanova
OpphavDet russiske imperiet, Sovjetunionen
SjangerRussian folk song, Russian urban romance, Cruel romance, Eastern Orthodox music
Instrumentvokal
Stemmetypemezzosopran, sopran, alt
PlateselskapMelodiya
Verka somsongar
Gift medMikhail Garkavi, Vladimir Kryukov
PrisarMedaljen for seier over Tyskland i Den store fedrelandskrigen, 1. klasse av Fedrelandskrigens orden, Røde stjerne-ordenen, Medaljen for tappert arbeid under Den store fedrelandskrigen 1941–1945, Æreskunstner i Den russiske sovjetrepublikk, Jubileumsmedaljen i anledning av 20-året for seieren i den store fedrelandskrigen 1941–1945

Bakgrunn endre

Ruslanova kom frå landsbyen Tsjernavka nær Saratov, og blei døypt Agafia Lejkina (russisk Агафья Лейкина).[2] Familien hennar var fattige bønder. Mor hennar tilhøyrde det finsk-ugriske erzjafolket.[3] Då Ruslanova var fem år gammal var ho blitt foreldrelaus; far hennar hadde døydd i den russisk-japanske krigen og mora kort tid etter. Derfor budde Ruslanova store delar av barndommen på barneheim.[4] Ho byrja synga då ho blei med i eit lokalt barnekor i soknet, og blei snart solist der.[5][3]

Onkelen hennar fekk henne ein jobb ved ein møbelfabrikk. Ein av fabrikkeigarane høyrde henne synga medan ho arbeida, og føreslo at ho skulle studera ved Saratov-konservatoriet.[6] Ho skal ikkje ha likt desse akademiske studia.[1]

Under fyrste verdskrigen arbeidde ho på eit sjukehustog. I denne perioden møtte ho Vitalij Stepanov, som ho fekk eit barn med i mai 1917. Han fortlet henne etter eit år.[6] Ifølgje ei kjelde frå Saratov gifta ho seg med ein annan mann som seinare døydde i den russiske borgarkrigen, og som ho tok etternamnet sitt frå.[7]

Karriere endre

Ruslanova hadde sin fyrste konsert som sekstenåring, for eit militært publikum, der ho song heile repertoaret sitt.[6] Ho byrja å synga for russiske soldatar under den russiske borgarkrigen, og debuterte som profesjonell songar i Rostov-na-Donu i 1923.[5] Ho skilde seg ut med den særmerkte stemmen og klangfargen sin, som gjekk tilbake til gamle tradisjonar der kvinner opptredde ved festlege høve.[1] Fram til 1929 budde ho saman med ein tilsett i tsjekaen. Deretter gifta ho seg opp att, med Vladimir Krjukov.[8]

 
Lidija Ruslanova med trekkspel på 1930-talet.

På 1930-talet blei Ruslanova svært populær.[8] Ho blei artist for den statlege samskipnanden av musikalske, varieté- og sirkusføretak i 1933, og opptredde over heile Russland gjennom resten av tiåret.[1]andre verdskrigen braut ut drog ho utan opphald på turné frå ein front til ein annan, og bidrog til å støtta kampviljen til soldatane med patriotiske songar.[9] Kjenningssongane hennar ver «Valenki» og «Katjusja». Under Slaget om Berlin opptredde ho ved dørene til den rykande rikdsdagsbygningen.[10]

 
Lidija Ruslanova i folkedrakt opptrer saman med eit sovjetisk soldatorkester ved riksdagen i Berlin i 1945.

Ruslanova blei ei av dei rikaste kvinnene i Sovjetunionen, og bidrog mellom anna til å finansiera bygginga av to Katjusja-batteri som ho overleverte til Den raude armeen i 1942.[5] Dette året blei ho utnemnd til Æresartist av Den russiske sovjetiske føderale sosialistrepublikken.[1] Den folkelege oppførselen og språkføringa hennar gjorde henne så populær blant soldatane at styresmaktene såg henne som ein mogleg trugsel. I 1948 blei ektemannen til Ruslanova, løytnant-generalen og krigshelten Vladimir Krjukov arrestert grunna tilknytinga si til marskalk Georgij Zjukov, ein politisk motstandar Josef Stalin såg på som eit trugsmål. Han blei sendt til gulag i 25 år. Ruslanova blei arrestert to år etter han. Ho blei tvinga til å skriva under på ei erklæring om at mannen var skuldig i landssvik, men nekta. Ho blei dømd til tvangsarbeid ved gulag i 10 år.[5]

I arbeidsleiren ho blei send til blei Ruslanova feira som ei stor stjerne, både av innsette og tilsette. Ho blei difor flytta til ei fengselcelle i Vladimirskij Tsentral. Etter at Stalin døydde blei ekteparet sleppt fri. Ruslanova blei frigjeven 4. august 1953, og var då tynn og gråhåra og hadde vanskar med å gå. Ho byrja likevel nesten med ein gong å halda konsertar att. Tida hennar i fengsel blei ikkje nemnd i pressa før fleire tiår seinare.[11] Ruslanova leia den fyrste All-sovjetiske festivalen av sovjetiske songar, saman med Leonid Utjosov, Mark Bernes og Klavdija Sjulzjenko. Ho fortsette å synga heilt til ho døydde i 1973, 72 år gammal.[5]

Lidija Ruslanova er gravlagd ved Novodevitsjijgravstaden. Eit krater på Venus, Ruslanova, er kalla opp etter henne.

Diskografi endre

 
Russisk frimerke med Lidija Ruslanova frå 1999, 2 rubel. (Michel 759, Scott 6545)
  • 1996: Поёт Лидия Русланова[12]
  • 2000: Царица Русской песни[13]
  • 2001: Великие исполнители России XX века
  • 2002: Русские народные песни[14]
  • 2007: Имена на все времена[15]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Ruslanova Lidia singer :: people :: Russia-InfoCentre». Russia-InfoCentre. Henta 16. oktober 2008. 
  2. MacFadyen, David (2002). Songs for Fat People. McGill-Queen's Press. s. 201. ISBN 0-7735-2441-X. 
  3. 3,0 3,1 Юрий Белов. «Девушка пела в церковном хоре» (på russisk). Молва. Arkivert frå originalen 18. mars 2009. Henta 23. februar 2009. 
  4. MacFadyen, s. 201-202
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Ferrero, Ángel. «Katiusha is 70 years old». Cubanow.net. Henta 16. oktober 2008.  [daud lenkje]
  6. 6,0 6,1 6,2 MacFadyen, s.202
  7. MacFadyen, s.202–3
  8. 8,0 8,1 MacFadyen, s. 203
  9. MacFadyen, s. 204
  10. Виолетта Баша. «Она пела на ступенях Рейхстага». Henta 23. februar 2009. 
  11. MacFadyen, s. 208
  12. «альбом "Поёт Лидия Русланова"». Arkivert frå originalen 18. mars 2009. Henta 25. februar 2009. 
  13. «альбом «Царица русской песни». Arkivert frå originalen 7. oktober 2011. Henta 25. februar 2009. 
  14. «Поёт Лидия Русланова. Русские народные песни. Записи 1930-40-х годов». Henta 25. februar 2009. 
  15. «Имена на все времена. Лидия Русланова (mp3)».