Lieråsen tunnel eller Liertunnelen, er ein dobbeltspora jernbanetunnelDrammenbanen mellom Asker og Lier. Tunnelen går mellom Asker stasjon i Asker kommune og Lier haldeplass i Lier kommune, og er 10 723 m lang med eit tverrsnitt på 58 m2. Største fart i tunnelen er 130 km/t. Tunnelen vart drive frå 1963 med gjennomslag i 1971, og opna for trafikk i 1973. Han var Noregs lengste jernbanetunnel fram til Romeriksporten vart opna i 1999.

Lieråsen jernbanetunnel
Lieråsen tunnel. Tunnelopninga ved Lier haldeplass.
Offisielt namnLieråsen tunnel
Transportererjernbane - dobbeltspora
StadAsker stasjon
Lier haldeplass
KommuneAsker
Lier
FylkeAkershus
Vedlikehalden avBaneNor
Lengd10 723 m
Opna1973, rehabilitert 2021
Kart
Lieråsen tunnel
59°48′00″N 10°22′00″E / 59.8°N 10.36666667°E / 59.8; 10.36666667

I 2003 vart det bygd eit 390 meter langt tverrslag 2 700 meter frå Asker fram til Solberg.[1] Andre tverrslag kan vere aktuelle for å tilfredstille nyare krav til evakuering. I åra 2017 til 2021 vart tunnelen fullstendig rehabilitert med fullstendig utskifting av alt jernbaneteknisk utstyr.[2]

Gjennom tunnelen går det rundt 400 tog kvart døger og er soleis ein av dei mest trafikkerte jernbanetunnelane i landet. Samstundes med at tunneltverrsnittet er ganske lite kan det bli aktuelt med eit nytt tunnelløp som er dimensjonert for ein høgare fart.[3]

Tunnelen vart bygd for å etablere dobbeltspor mellom Asker og Drammen og for å korte ned reisetida mellom Oslo og Drammen frå 50 til 31 minutt.[4] Den tidlegare lina var einspora og gjekk i ei stor S-slynge om Spikkestad i Røyken kommune og Lierbyen i Lier kommune til Brakerøya i Drammen. Etter at Lieråsen tunnel vart opna, vart parsellen mellom Asker stasjon og Spikkestad reservert for lokaltrafikk og går under namnet Spikkestadlinja. Toglina mellom Spikkestad og Brakerøya vart lagt ned og spora fjerna. Traseen mellom Reistad og Spikkestad blir nytta som sykkelsti.

Kjelder endre

  1. «Stadige forbedringer i Lieråsen tunnel», www.bygg.no (på norsk), 4. april 2003, henta 9. august 2021 
  2. «Lieråsen tunnel må fornyes», www.jernbanedirektoratet.no (på norsk), henta 9. august 2021 
  3. Solberg, Mari Gisvold (18. oktober 2013), «Intercity skal bygges for 250 km/t. Men her må togene uansett kjøre i halv fart», Tu.no (på norsk), henta 9. august 2021 
  4. Norgesrevyen, nr 4, 1971, s.404.

Sjå òg endre