62°28′56″N 06°18′22″E / 62.48222°N 6.30611°E / 62.48222; 6.30611

Lille Kalvøya
øy
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ålesund
Høgaste punkt 41 moh.

Lille Kalvøya er ei øy i Ålesund kommune, i Ellingsøyfjorden mellom Ellingsøya og Uksenøya. Ho er veglaus.

Det finst gravrøyser frå jarnalderen på øya. I nyare tid er det kjend busetjing på øya iallfall frå slutten av 1500-talet. Ho fekk elektrisitet i 1924. I 1929 kom det fast skule på øya, før det hadde borna gått på omgangsskule.

I 2021 var øya gjenstand for ein episode i NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Det vart då sagt at det delar av året berre var éin fastbuande på øya.[1]

Folketalsutvikling:

1801[2] 1900[3]
15 30


Kjelder

endre
  1. "Kathrine i Ellingsøyfjorden med i 'Der ingen skulle tru' på søndag", Bygdebladet 8.1.2021
  2. Folketeljing 1801 for Borgund prestegjeld, frå Digitalarkivet
  3. Folketeljing 1900 for Borgund herred, frå Digitalarkivet
  • Ragnar Øvrelid, Borgund og Giske, band IV, Borgund og Giske Bygdeboknemnd, 1973
  • Kulturminnesøk