Lillebet Foss
Elisabeth Foss (24. mars 1930–14. juli 2017), kjend som Lillebet Foss, var ein norsk biletkunstnar og skulptør, særleg kjend for dyrefigurer i grafisk og skulpturell form. Ho er representert med fleire arbeid i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design i Oslo og også innkjøpt av Statens Museum for Kunst i København.[1]
Lillebet Foss | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. mars 1930 Oslo |
Død |
14. juli 2017 (87 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, bilethoggar |
Far | Kåre Foss |
Familie
endreLillebet Foss (iblant skrive Lillebeth[2]) var dotter av litteraturhistorikaren Kåre Foss (1895–1967) og Elisabeth Knudsen (1898–1980).
Utdanning
endreFoss fekk utdanning som elev av Boris Taslitzky ved Académie Julian i Paris 1948–49 og frå Statens Håndverks- og Kunstindustriskoles aftenskole 1949–55 og dagskolen våren 1951. I denne perioden var ho elev av Chrix Dahl. Vidare studerte ho ved Statens Kunstakademi i Oslo under Per Palle Storm i 1951 og Alexander Schultz i 1963–65, og same stad under Johs Hendrix og Jan Vaesten i 1960–61. I 1949–50 tok ho dessutan universitetsstudium i anatomi og seinare i 1950-åra klassisk arkeologi.
Kunstnarisk virke
endreFoss debuterte med raderingar i Unge Kunstneres Samfund i 1960. Same stad viste ho teikningar i 1961 og akvarell i 1966, måleri i Permanenten i 1967 og skulptur i Oslo Kunstforening i 1972. Som kunstnar arbeidde ho mest med grafikk, teikning og skulptur, særleg med skildringar av dyr og landskap i tillegg til portrett.
Arbeid
endre- Nasjonalgalleriet
- Riksgalleriet
- Stortinget
- Oslo kommunes kunstsamlinger
- Statens Museum for Kunst, København
- Moss Faste Galleri
- Norsk kulturråd
- Noregs Bank
- Selskapet Kunst på Arbeidsplassen
- Sarpsborg Kunstforening
- Seljord Kunstforening
- Hovseter sykehjem
- Haugesund postterminal
- Biltilsynet Tønsberg
- John Giæver: Dyretråkk og fugletrekk på 74° nord, Oslo 1967
- Omslag til Einar Molland: Opuscula patristica, Oslo 1970
- Grafiske blad for Landslaget Kunst i Skolen, World Wildlife Fund og Nordisk Grafikkunion
Utstillingar
endre- Separatutstillingar[1]
- Unge Kunstneres Samfund, 1960, 1963, 1966
- Kunstnerforbundet, Oslo, 1967, 1969, 1970, 1972, 1974, 1978, 1980
- Permanenten, 1967
- Oslo Kunstforening, 1972
- Galleri Tanum, Oslo, 1979
- Minneutstilling, Diorama, Oslo, 2019[4]
- Kollektivutstillingar[1]
- Statens årlige Kunstutstilling, Oslo, 1963–1966, 1968–75, 1978
- Nordisk Grafikkunion, Oslo, 1964
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Fuglesang, Signe (20. mars 2020). «Lillebet Foss». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). Henta 21. oktober 2020.
- ↑ «Nekrolog: Lillebeth Foss». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 22. oktober 2020.
- ↑ «Lillebeth Foss». www.fineart.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 26. oktober 2020. Henta 22. oktober 2020.
- ↑ «Diorama». www.diorama.oslo.no. Arkivert frå originalen 23. oktober 2020. Henta 22. oktober 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Lillebet Foss» frå Wikipedia på bokmål, den 11. mars 2023.