John Schjelderup Giæver (fødd 31. desember 1901 i Tromsø, død 9. november 1970) var ein norsk forfattar, fangstmann og polarforskar.

John Giæver
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. desember 1901
Tromsø kommune
Død

9. november 1970 (68 år)
Oslo

Yrke oppdagar, skribent, polfarer, jeger

Giæver tok handelsgymnasiet 1920. Han byrja karrieren sin som handelsbetjent på handelsstaden Havnnes i Lyngenfjorden og i Vesterålen. Seinare var han journalist og seinare redaktør i Tromsø 1921-29.

Den store interessa til Giæver var fangst og forsking i polare strøk. Han drog på selfangst som gast i Kvitsjøen, Vestisen ved Jan Mayen og Newfoundland og var fangstmann på Nordaust-Grønland 1929-31. 1932-34 var han leiar av fangstekspedisjon på Nordaust-Grønland og dessutan deltakar i den norske okkupasjonen av Grønland (Erik Raudes Land) 1931-33. Frå 1935 var Giæver sekretær ved Noregs Svalbard- og Ishavsundersøkelser (seinare Norsk Polarinstitutt). Etter krigen kom han tilbake som kontorsjef ved Polarinstituttet frå mars 1948 til 1960. Han deltok i ekspedisjonen rundt Svalbard 1936. Giæver leia den norske staten sine avløysingsekspedisjonar til dei norske fangst- og radiostasjonane på Nordaust-Grønland frå 1937 til 1940, vidare i periodane 1945-47 og 1953-57. Frå 1949 til 1952 var har leiar for Den norsk-britisk-svenske vitskaplege ekspedisjonen til Antarktis, òg kjent som Maudheimekspedisjonen etter namnet på basen til ekspedisjonen. Ekspedisjonen er vorte rekna som ein milepåle for norsk antarktisforsking etter krigen.

Under andre verdskrigen tenestegjorde Giæver under norsk kommando i England, USA og Canada. Han kom i mars 1942 til Royal Norwegian Air Force. Frå november 1942 var han sjef for leiren «Vesle Skaugum» i Canada, Little Norway. I januar vart han beordra til U.S. School of Military Government, Virginia og deretter utlånt til det norske liaisonkorps i England. Ved frigjeringa var han områdesjef i Finnmark. Han var representant for Civil Affairs til Aust-Finnmark med «Mission Finnmark» frå november 1944 som sivil-militær major. Dei oppretta på ny den sivile administrasjonen i indre Finnmark og organiserte forsyningstenesta dit frå Sverige og Varanger. Han var samstundes sjef for Hærens rein-tren. Etter kapitulasjonen var han liaison-offiser ved den britisk-amerikanske gruppa av Civil Affairs i Nord-Noreg. Han var adjutant i Luftkommando Nord-Noreg siste halvår av 1945 og stabssjef same stad første halvår 1947. Han var kaptein i Luftforsvarets reserve.

Giæver debuterte som forfattar i 1921, men kom med den første anerkjende boka si i 1930 – Fangsthyttene - jegerliv på Aust-Grønland. I 1931 utkom To menn i Moskusoksefjorden , da vi bebygget og okkuperte Erik Raudes Land. Giæver vart verdskjent med boka Maudheim som kom i 1952 og er utgjeve på 12 språk. Seinare har han utgjeve ei rekkje muntre minne og dokumentarbøker frå barndomsdagar, fangst, fiske og polarliv utgjeve 1955-1970. Han skreiv til saman 20 bøker og mange reportasjar og innlegg i aviser og magasin. Fleire bilete og dagbøker frå ekspedisjonane er å finne ved Riksarkivet i Oslo.

For tenestene og bragdene sine vart Giæver heidra med den svenske Andree-plaketten og British Geographic Society's Gold Medal, St. Olavsmedaljen med eikegrein, Deltagermedaljen, Haakon VIIs 70-årsmedalje, Kongens fortenstmedalje i gull, og dessutan riddar av første klasse av den svensken Vasaordenen. Han var medlem av Explorer's Club i New York.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre