Lilli Schwarzkopf

Lilli Schwarzkopf (fødd 28. august 1983) er ein tysk tidlegare mangekjempar, fødd i Novopokrovka i Kirgisistan i dåverande Sovjetunionen. Ho vann sølvmedaljen i sjukampen under OL 2012 og bronsemedaljen i EM 2006.

Lilli Schwarzkopf

Lilli Schwarzkopf 4 Cropped.jpg

Statsborgarskap Tyskland, Sovjetunionen
Fødd 28. august 1983 (38 år)
Novopokrovka, Chuy
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012

AktivEndra

Schwarzkopf flytta med familien til Tyskland i 1990. Ho nådde internasjonalt toppnivå i mangekamp i 2006-sesongen. Ved europameisterskapen i Göteborg fekk ho bronsen i sjukampen, slått med over 300 poeng av den suverene vinnaren, svenske Carolina Klüft, men fattige 3 poeng bakom sølvmedaljøren frå Nederland. Året etter vart Schwarzkopf nummer fem i sjukampen ved VM 2007, sidan ho kom ho på åttandeplass i Sommar-OL 2008.

I 2011 enda Schwarzkopf på sjetteplass i Daegu-VM. Under dei olympiske sommarleikane 2012 i London presterte ho sitt livs beste sjukamp. Med 6&nbsp,649 poeng sikra ho seg sølvmedaljen, om enn over 300 poeng bakom den olympiske meisteren, Jessica Ennis frå Storbritannia. Sidan vart Schwarzkopf nummer 5 i EM 2014. Ho la opp i 2016.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra