Lindebukk
Lindebukk (Oplosia cinnerea, tidlegare O. fennica) er ei bille i trebukkfamilien. Han høyrer til underfamilien Lamiinae, som vert kjenneteikna av å ha hovudet vertikalt ståande på kroppen, og er utbreidd i storparten av Europa til Kaukasus. I Noreg finn me han langsmed kysten frå Oslofjorden til Aust-Agder, i dei same områda som vertstreet lind. Arten er ikkje vanleg i Noreg, men det finst likevel sannsynlegvis nokre av dei beste bestandane i Skandinavia.
Lindebukk | |
Lindebukk, ein hann | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Biller Coleoptera |
Familie: | Trebukkar Cerambycidae |
Slekt: | Oplosia |
Art: | Lindebukk O. cinerea |
Vitskapleg namn | |
Oplosia cinerea |
Lindebukken er 9 til 13 millimeter lang og lett å kjenna att på fargeteikningane på dekkvengjene.
Økologi
endreLindebukken er, som namnet tilseier, først og fremst knytt til treslaget lind her i Skandinavia. Han er òg funnen på andre lauvtre, til dømes ask, bøk, hassel og or. Han nyttar helst greinar som ligg på bakken og er infiserte med sopp. Larvane lever under barken, men borar seg inn i ytterveden når dei skal forpuppa seg i mai. Utviklingstida er to år, og dei vaksne billene kjem fram i mai-juni. Dei let att etter seg hol med ein diameter på 4-5 mm.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- (no) lindebukk hos Artsdatabanken
- (en) lindebukk i Encyclopedia of Life
- (en) lindebukk i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) lindebukk hos Dyntaxa
- (en) lindebukk hos Fauna Europaea
- (en) lindebukk hos NCBI
- (en) Kategori:Oplosia cinerea – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Oplosia cinerea – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Oplosia cinerea – detaljert informasjon på Wikispecies