Opna hovudmenyen

Linge i Norddal er ein matrikkelgard i Norddal kommune på Sunnmøre. Garden ligg ved Norddalsfjorden, i kring to kilometer sørvest for bygdesenteret Sylte i Norddal. Han har i lang tid vore kjend som ein fruktgard, særleg for sine morellar.

Linge har ferjesamband med Eidsdal på sørsida av Norddalsfjorden, eit samband som er del av den såkalla Gullruta mellom Geiranger og Trollstigen/Åndalsnes.

Martin Linge var fødd på eit av gardsbruka på Linge.