Opna hovudmenyen

Lingvistisk morfologi

Wikimedia-fleirtydingsside

Lingvistisk morfologi er ei grein av lingvistikken, og kan populært definerast som (studiet av) orddanning og ordbøying.

Etter ein meir presis og nøytral definisjon, som ikkje byggjer på definisjonen av orddanning og ordbøying, er at lingvistisk morfologi er (studiet av) kombinerte semantisk-fonologiske relasjonar mellom ord. Jamfør desse relasjonane:

  1. Orda /¹hiŋst/ hingst og /²hope/ hoppe liknar kvarandre mykje semantisk, men ikkje fonologisk. Den sams semantikken er 'hest'.
  2. Orda /¹fæʃkˌfisk/ ferskfisk og /etnu¹graːfisk/~/²etnuˌgraːfisk/ etnografisk liknar kvarandre mykje fonologisk, men ikkje semantisk. Den sams fonologien er /fisk/.
  3. Orda /²gʉlˌfisk/ gullfisk og /¹fæʃkˌfisk/ ferskfisk liknar kvarandre mykje både semantisk og fonologisk. Den sams semantikken er 'virveldyr av rekkja Pisces som lever i vatn og pustar med gjeller'[1] og den sams fonologien er /ˌfisk/.

Relasjonen i døme 3 er morfologisk. Vi har to ulike ord, og det fyrste ordet inneheld eit element som liknar eit element i det andre ordet, og likskapen er både semantisk og fonologisk:

  • /ˌfisk/ 'virveldyr av rekkja Pisces som lever i vatn og pustar med gjeller'

Det er eksistensen av slike relasjonar som gjev grunnlaget for lingvistisk morfologi.

Innhaldsliste

EtymologiEndra

Morfologi (av gresk μορφή morphḗ 'form, skapnad' og λόγος lógos 'ord, lære, fornuft') er læra om former. Nemninga blir brukt innanfor ulike fagfelt om korleis ting er bygde opp, og ho vart laga av Johann Wolfgang von Goethe (1749–1832) i 1796. Han brukte nemninga i biologien, som læra om den ytre forma til levande skapningar. Seinare har ho vorte brukt innanfor fleire andre fagfelt.

Greiner av lingvistisk morfologiEndra

Det er vanleg å dele lingvistisk morfologi i tre hovudgreiner:

  1. Bøyingsmorfologi
  2. Avleiingsmorfologi
  3. Samansetningsmorfologi

Avleiingsmorfologi og samansetningsmorfologi blir ofte slegne i hop under nemninga orddanningsmorfologi. Bøyingsmorfologi og avleiingsmorfologi har òg noko svært sentralt sams – dei handlar om tilhøvet mellom ein base og ein formativ; jamfør neste avsnitt.

Grensene mellom dei tre hovudgreinene er problematiske. Det er ikkje allmenn semje om at det er mogeleg eller fruktbart å skilje dei, men at det er uklåre grenser mellom to eller fleire kategoriar er ikkje det same som at kategoriane ikkje finst: Vi skil utan vanskar mellom Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat, men det er umogeleg å seie nøyaktig kvar grensene går mellom desse havområda.

BøyingsmorfologiEndra

Bøyingsmorfologi er den greina av morfologien som tar forseg bøying, eller danning av ordformer frå leksem og grammatiske spesifikasjonar, eller morfosyntaktiske trekk. Bøyingsmorfologi kan illustrerast med tilhøvet mellom bøyingsformene av eit leksem i norsk, der leksemet er hest, ordformene står til venstre og dei morfosyntaktiske trekka til høgre i tabellen:

AvleiingsmorfologiEndra

Avleiingsmorfologi kan illustrerast med tilhøvet mellom ulike leksem i ein ordfamilie, ei gruppe ord som inneheld same rota, og ingen andre røter:

  • Nokre leksem i ein norsk ordfamilie
    • drikke / verb / 1. 'ta til seg (væske, drikk)'; 2. 'vere forfallen til alkohol'; 3. 'suge i seg'
    • drikk / substantiv, maskulinum / 1. 'væske til å drikke'; 2. 'drikking (av alkohol)'
    • drykk / substantiv, maskulinum / 1. 'væske til å drikke'; 2. 'drikking (av alkohol)'
    • drykke / substantiv, femininum / 1. 'væske til å drikke'; 2. 'drikking, drykkje'
    • drikkar / substantiv, maskulinum / 1. 'person som drikk mykje alkohol'; 2. 'alkoholikar'
    • drikking / substantiv, femininum / 1. 'det å drikke'; 2. 'misbruk av alkohol'
    • drikkande / adjektiv / 'som kan drikkast'
    • drukken / adjektiv / 1. 'sterkt påverka av alkohol; full, rusa; ør'; 2. 'som har soge til seg væte'
    • drukkenskap / substantiv, maskulinum / 'alkoholmisbruk, alkoholisme'

SamansetningsmorfologiEndra

Samansetningsmorfologi kan illustrerast med tilhøvet mellom leksem som inneheld éi rot og leksem som inneheld to eller fleire røter:

  • Éi rot: drikke / verb / 1. 'ta til seg (væske, drikk)'; 2. 'vere forfallen til alkohol'; 3. 'suge i seg'
  • Éi rot: press / substantiv, nøytrum / 1. 'trykk, klem'; 2. 'påtrykk'; 3. 'før: øving i vektlyfting'
    • To røter: drikkepress / substantiv, nøytrum / 'press (frå omgjevnadene) til å bruke alkohol'
  • Éi rot: edruskap / substantiv, hankjønn / 'fråhald eller måtehald når det gjeld alkohol'
  • Éi rot: nemnd / substantiv, femininum / '(fast) utval (innanfor eit større organ) som førebur og granskar saker og til dømes kjem med framlegg; komité'

Morfologiske modellarEndra

Morfologien i eit språk kan beskrivast på mange ulike vis, i samsvar med ulike morfologiske modellar. Ein modell kan i denne samanhengen kort karakteriserast som eit beskrivingsapparat. Her er eit representativt utval av morfologiske modellar:

  • Morfologiske modellar
    • Antikk gresk-romersk morfologi
    • Klassisk semittisk morfologi
    • Morfembasert morfologi
    • Ord-og-paradigme-morfologi
    • Saumlaus morfologi
    • Kognitiv morfologi

Antikk gresk-romersk morfologiEndra

Klassisk semittisk morfologiEndra

Morfembasert morfologiEndra

Ord-og-paradigme-morfologiEndra

Saumlaus morfologiEndra

Kognitiv morfologiEndra

Base og formativEndra

Bøyingsmorfologi og avleiingsmorfologi handlar om tilhøvet mellom ein base og ein formativ, om korleis vi legg formativar til ein base. Dette tilhøvet kan illustrerast med desse bøyingsformene av to norske substantiv:

1. Bøyingsformer av HEST

  • Ubunden, eintal: hest
  • Ubunden, fleirtal: hestar

2. Bøyingsformer av MANN

  • Ubunden, eintal: mann
  • Ubunden, fleirtal: menn





I døme 1 skal vi kalle hest ein base og -ar ein formativ. Her legg vi formativen -ar til basen for å uttrykkje tydingane ubunden og fleirtal. I mange tilfelle er basen uavhengig: Han kan fungere som ord aleine, slik hest kan. Formativen, derimot, er alltid avhengig: Han kan aldri fungere som ord aleine; det finst ikkje noko norsk ord *ar med tydinga 'ubunden, fleirtal'.

Å leggje ein formativ til ein base inneber å endre den fonologiske forma til basen, og det kan gjerast på fleire vis:

  1. Ein legg eitt eller fleire fonem til basen.
  2. Ein endrar på eitt eller fleire fonem i basen.
  3. Ein endrar eller legg til trykk, aksent eller tone i basen.

Å leggje ein formativ til ein base er å utføre ein morfologisk operasjon på basen. Operasjon 1 blir kalla affigering: ein legg til ein segmental formativ, det vil seie eit affiks. Operasjon 2 og 3 blir kalla modifikasjon: ein legg til ein ikkjesegmental formativ.

I døme 2 ovanfor er mann base, og formativen er ein type modifikasjon: Vi endrar vokalen i basen frå a til e for å uttrykkje det same som -ar uttrykkjer i hestar, nemleg ubunden og fleirtal. Vi kan til dømes seie at formativen er a➛e.

Morfologisk typologiEndra

Det er store typologiske skilnader mellom språka i verda med omsyn til morfologi, og morfologisk typologi har tradisjonelt spela ei sentral rolle i lingvistisk typologi, truleg ei større rolle enn han fortener.

FotnotarEndra

  1. Definisjonen er frå Nynorskordboka: http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html