Lintøy er tekstil av plantefibrar frå lin. Tøyet er særs haldbart, men produksjonen av det er arbeidskrevjande. På norsk viser «lintøy» særleg til dukar, handklede, sengeklede og liknande, som ofte er blitt laga av lin.[1]

Pipekrage i lin.

Lin er eit særs sterkt og absorberande stoff, og tørker raskare enn bomull. Desse eigenskapane gjer det behageleg å ha på seg i varmt vêr, og er nyttig som sommarklede. Lin har også andre særskilde eigenskapar, som at det lett kan få skrukker. Det er også rekna som eit godt materiale å bruka for folk som er allergiske eller ømfintlege for ulike kjemikaliar.[2] Det tar mykje lenger å hausta lin enn bomull, og lin er også vanskelegare å veva.[3]

Historie

endre
 
Lintøy frå det gamle Egypt til å pakka inn mumiar med.
 
Syarar med lintøy på 1300-talet.

Folk i ulike delar av verda byrja veva lin for minst fleire tusen år sidan.[4] Oppdaging av farga linfibrar i ei hole i Sør-Kaukasus (i dagens Georgia) som er tidfesta til å vera 36 000 år gamle tyder på at førhistoriske menneske nytta villinfibrar til å laga lin-aktive tøy allereie då.[5][6] Ein har funne fragment av stilkar, frø, fibrar, tråd og ulike typar stoff, inkludert linstykke, frå kring 8000 f.Kr. ved sveitiske innsjøbusetnader.[7]

For rundt 8000 år sidan byrja linfrø gradvis å bli større, eit klart teikn på at dei blei dyrka. Det er funne 7500 år gamle lintekstilar frå Qumranhole 1 nær Daudehavet i Israel.[8] Babylonarane, assyrarane og dei gamle egyptarane framstilte lintøy. Veggmåleri i gravkammeret i Dashur-pyramiden sør for Giza viser korleis det blei dyrka lin for 5000 år sidan. Ein har funne mumiar reiva i fint lintøy. I grava til Tutankhamon fann ein lintøy.[9] Tøyet kunne òg vera plissert, som i ein tunika frå rundt 2000 f.Kr.[10] Kvinner gjekk med ein kjole kalla kalasiris. Velståande kvinner fekk han sydd av lin som var så fint vove at det nesten var gjennomsiktig.[11]

I Sveits og Austerrike er det funne tekstilar av lin frå yngre steinalder som er rundt 5000 år gamle. I Skandinavia var lin kanskje fyrst ein matplante (det er funne linfrø i magen til danske myrlik). I Noreg fann ein lin på ein buplass i Fløksand i Meland frå 300-talet. Ein finn ellers sjeldan tøy ved arkeologiske utgravingar, ettersom linfibrar består av nær rein cellulose og lett går i oppløysing. Funna i Sveits er frå eit område med sterkt kalkhaldig jord som er eigna til å bevara cellulosehaldig materiale.[12]

Kjelder

endre
  1. «lintøy» i Nynorskordboka.
  2. «Profiles of 15 of the world's major plant and animal fibres». International Year of Natural Fibres 2009. Food and Agriculture Organization of the United Nations. Henta 15.mai 2020. 
  3. «What Is Cotton and What Is Linen? Cotton vs. Linen Fabrics». MasterClass. 12. august 2021. 
  4. Beckert, Sven (2014). Empire of Cotton. Alfred A. Knopf. s. 5. ISBN 978-0375414145. 
  5. Balter, M (2009). «Clothes Make the (Hu) Man». Science 325 (5946): 1329. PMID 19745126. doi:10.1126/science.325_1329a. 
  6. Kvavadze, E; Bar-Yosef, O; Belfer-Cohen, A; Boaretto, E; Jakeli, N; Matskevich, Z; Meshveliani, T (2009). «30,000-Year-Old Wild Flax Fibers». Science 325 (5946): 1359. Bibcode:2009Sci...325.1359K. PMID 19745144. doi:10.1126/science.1175404. 
  7. Akin, Danny E. (30 December 2012). «Linen Most Useful: Perspectives on Structure, Chemistry, and Enzymes for Retting Flax». ISRN Biotechnology 2013: 186534. PMC 4403609. PMID 25969769. doi:10.5402/2013/186534. 
  8. Sukenik, Naama; Shamir, Orit (2011). «Qumran Textiles and the Garments of Qumran's Inhabitants». Dead Sea Discoveries 18 (2): 206–225. ISSN 0929-0761. doi:10.1163/156851711x570427. 
  9. https://www.metmuseum.org/toah/works-of-art/09.184.217-.219
  10. «Tunic of Pleated Linen | Louvre Museum | Paris». Arkivert frå originalen 7. juli 2015. Henta 7. juli 2015. 
  11. «Wealthy women wore kalasirises of finely woven fabric, some so thin that the dresses became transparent». fashionencyclopedia.com. 
  12. Lin - Naturhistorisk museum

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Lintøy