Lisbeth Broch

norsk politikar

Lisbeth Broch (1. mai 191121. august 1991)[1] var ein norsk pedagog, politikar, kvinnesaksforkjempar og forfattar.

Lisbeth Broch
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. mai 1911
Trondheim
Død

21. august 1991 (80 år)

Yrke historikar, politikar, kvinnesaksforkjemper, skribent, skuleleiar
Politisk parti Arbeidarpartiet
Medlem av Mot Dag
Far Erling Broch
Ektefelle Vilhelm Evang

Familie endre

Lisbeth Broch var dotter av overrettsassessor, seinare høgsterettsdommar Erling Broch (1875–1941, av slekta Broch) og Anna Cecilie Munch-Petersen (1877–1957). Ho var brordotter av barnebokforfattaren, illustratøren og kvinnesaksforkjemparen Lagertha Broch (1864–1952), språkforskaren Olaf Broch (1867–1961), bustadsinspektør Nanna Broch (1879–1971) og zoolog og professor Hjalmar Broch (1882–1969). I 1938 blei ho gift med Vilhelm Andreas Wexelsen Evang (1909–83), seinare oberst og leiar av den norske militære etterretningstenesta.

Liv og virke endre

Broch vaks opp i Trondheim og Vestre Aker og tok Examen Artium frå reallinja ved Ris gymnas i 1930. I 1937 vart ho cand.philol. med historie som hovudfag frå Universitetet i Oslo. I denne utdanninga inngjekk òg norsk og tysk. Ho var i perioden 1938 til 1960 lærar ved fleire skular i Oslo. Skuleåret 1951-1952 var ho engasjert som mellombels lektor på Valler skule i Bærum, før ho inntil 1960 underviste ved Aars og Voss' skule. I 1960 vende ho attende til Valler, denne gongen som rektor. Ho vart i denne stillinga til ho gjekk av med pensjon i 1979.

I 1930-åra vart Lisbeth Broch som student medlem av Mot Dag, og ho var dessutan lokalpolitikar i Bærum, der ho representerte Arbeidarpartiet i kommunestyret og formannskapet. Ho sat i kommunestyret i periodane 1948–1955 og 1960–1967, og i formannskapet frå 1964. I fleire år var ho dessutan medlem av skulestyret og barnevernsnemnda.

Broch var ein aktiv kvinnesaksforkjemper. Dette uttrykte ho i virket sitt som skribent, kanskje tydelegast i heftet Kvinnereisning frå 1940, der ho tok for seg historia til kvinnerørsla i Noreg og i verda elles. Ho var dessutan medforfattar i Arbeidernes Leksikon, og skreiv dessutan eitt bind av Aschehougs verdenshistorie.

Bibliografi endre

  • 1937: John Stuart Mill's betydning for Englands kvinnebevegelse
  • 1941: Sjøfart og kolonier på 1700-tallet
  • 1940: Kvinnereisning (Utgitt i bearbeidet form i Cappelens Studiebibliotek i 1946)
  • 1952: The Political Role of Women in Norway
  • 1954: Aschehougs verdenshistorie bind 3: Fra de store oppdagelser til 1789

Kjelder endre

  1. Arbeiderbladet 1991.08.24. 1991. 

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre