Opna hovudmenyen
Little Games
Studioalbum av The Yardbirds
Utgjeve 10. juli[1][2] eller 24. juli[3] [4] 1967
Innspelt
  • 5. mars 1967
  • 29. april – 1. mai 1967
Studio Olympic & De Lane Lea i London
Sjanger
Lengd 30:28
Selskap Epic
Produsent Mickie Most
Amerikansk The Yardbirds-kronologi
The Yardbirds Greatest Hits
(1967)
Little Games Featuring Performances By: Jeff Beck Eric Clapton Jimmy Page
(1970)


Little Games er det fjerde amerikanske albumet til den engelske rockegruppa The Yardbirds. Det vart spelt inn og gjeve ut i 1967, og var det første albumet deira etter dei vart ein kvartett med Jimmy Page som sologitarist og Chris Dreja på bass. Det var det einaste Yardbirds-albumet som vart produsert av Mickie Most.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusicLittle Games3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]
AllMusic – Little Games Sessions & More3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]
The New Rolling Stone Album GuideLittle Games3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]

Sjølv om den nye besetninga vrt meir eksperimentell med lengre, improviserte konsertframføringar, henta plateselskapet til Yardbirds inn den suksessrike produsenten Most for å få ut eit meir kommersielt produkt. Men verken materialet som representerte den nye retninga deira eller hitsinglane deira var imøtekomande. Little Games vart det siste Yardbirdsalbumet, sjølv om Most fortsette å produsere singlar for gruppa. Desse vart seinare samla og gjevne ut som eit originalt album med andre opptak og alternative miksar som Little Games Sessions & More i 1992.

BakgrunnEndra

Etter suksessen med dei førre albuma Having a Rave Up with The Yardbirds (1965) og Yardbirds/Over Under Sideways Down (1966), slutta det opphavlege medlemmet og bassisten Paul Samwell-Smith for å satse på ein karriere som produsent. Han vart erstatta på bass av studiogitaristen Jimmy Page, som Yardbirds opphavleg hadde spurt om å erstatte Eric Clapton. Page spelte berre bass ei kort stund og byta etter kvart til sologitar ved sidan av Jeff Beck, medan rytmegitaristen Chris Dreja tok over på bass. I 1966 skapte Beck/Page-besetninga den psykedeliske «Happenings Ten Years Time Ago», «Psycho Daisies» og «Stroll On», ein oppdatert versjon av «The Train Kept A-Rollin'» for Michelangelo Antonioni-filmen Blow-Up. Mot slutten av 1966 fekk Beck sparken etter ein sjukdom som hindra han å spele konsertar på ein turné i USA, og bandet fortsette som ein kvartett med Page som den einaste gitaristen.

Under turneane i 1966 og 1967 vart musikken deira meir eksperimentell med lengre, improviserte sett med lysshow, filmklipp og lydsamplingar. Materialet deira vart meir variert og introduserte songar som «Dazed and Confused», Jimmy Page sitt gitarstykke «White Summer», The Velvet Underground sin «I'm Waiting for the Man», og lange medleyar med omarbeidde versjonar av «I'm a Man» og «Smokestack Lightning».

Trass i denne musikalske endringa, vart Mickie Most, mest kjend for å skape hittar for Herman's Hermits og Donovan, henta inn av EMI som plateprodusent. Most var ikkje oppdatert på den nye musikalske trendane, og sjølv om Page tidlegare hadde arbeidd mykje med Most som studiogitarist, var han visstnok misnøgd med at Most tok over produksjonen.[8][9]

InnspelingEndra

Den første Micke Most-involverte innspelinga fann stad i Olympic Studios i London den 5. mars 1967. Denne innspelinga skapte singlene «Little Games» med B-sida «Puzzles». Sjølv om Dreja og trommeslagaren Jim McCarty var til stades for å spele inn «Little Games», brukte Most studiomusikarane John Paul Jones (bass og celloarrangement) og Dougie Wright (trommer) for å bruke så lita studiotid som mogeleg. Resten av songane for Little Games vart spelte inn i løpet av tre dagar i De Lane Lea Studios i London frå 29. april til 1. mai 1967, igjen med studiomusikarar som Jones (bass på «No Excess Baggage») og Ian Stewart (piano på «Drinking Muddy Water»).

Innspelinga vart gjort så kjapt at gruppa ofte ikkje fekk høyrt gjennom songane då dei var ferdige. Page sa «det var gjort så fandens raskt. Alt vart gjort på eitt forsøk fordi Mickie Most berre var interessert i singlar og meinte det ikkje var verdt å bruke tid på å gjere albumspora skikkeleg».[10] Yardbirds-biografen Gregg Russo skriv at dette førte til at mange av songane høyrest ut som demoinnspelingar.[11]

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Little Games»  Harold Spiro, Phil Wainman 2:25
2. «Smile on Me»  Chris Dreja, Jim McCarty, Jimmy Page, Keith Relf 3:16
3. «White Summer»  Page 3:56
4. «Tinker, Tailor, Soldier, Sailor»  Page, McCarty 2:49
5. «Glimpses»  Dreja, McCarty, Page, Relf 4:24
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Drinking Muddy Water»  Dreja, McCarty, Page, Relf 2:53
2. «No Excess Baggage»  Roger Atkins, Carl D'Errico 2:32
3. «Stealing Stealing»  Dreja, McCarty, Page, Relf 2:42
4. «Only the Black Rose»  Relf 2:52
5. «Little Soldier Boy»  McCarty, Page, Relf 2:39

SalslisterEndra

AlbumEndra

Liste (1967) Plassering
US Billboard 200[12] 80

SinglarEndra

År Singel Liste Plassering
1967 «Little Games» US Billboard Hot 100[13] 51
1967 «Little Games» US Cash Box Top 100 Singles Chart[13] 48
1967 «Little Games» US Record World 100 Top Pop Chart 44
1967 «Little Games» Australian Go-Set Top 40 Singles Chart[14] 27
1967 «Ha Ha Said the Clown» US Billboard Hot 100[13] 45
1967 «Ha Ha Said the Clown» US Cash Box Top 100[13] 52
1967 «Ha Ha Said the Clown» US Record World 100 45
1967 «Ten Little Indians» US Billboard Hot 100[13] 96
1967 «Ten Little Indians» US Cash Box Top 100[13] 71
1968 «Goodnight Sweet Josephine» US Billboard «Bubbling Under the Hot 100»[13] 127

MedverkandeEndra

The Yardbirds

Andre medverkande

  • Clem Cattini – trommer på «Ten Little Indians» og «Goodnight Sweet Josephine»
  • Bobby Gregg – trommer på «Little Games»
  • Nicky Hopkins – klaverinstrument på «Goodnight Sweet Josephine»
  • John Paul Jones – bassgitar på «Goodnight Sweet Josephine» og «No Excess Baggage», bass and cello arrangement på «Little Games», bass og orkesterarrangement på «Ten Little Indians»
  • Chris Karantabla på «White Summer»
  • Joe Macho – bass på «Ha Ha Said the Clown»
  • Rick Nielsen – orgel på «Ha Ha Said the Clown»
  • Ian Stewart – piano på «Drinking Muddy Water» (original album)
  • Dougie Wright – trommer på «Little Games» (original album)
  • Unidentified – obo på «White Summer»
  • Mickie Mostprodusent

KjelderEndra

  1. Russo 1992, s. 8.
  2. Koda 2001, s. 45.
  3. Russo 1998, s. 97.
  4. Clayson 2002, s. 187.
  5. Eder, Bruce. «Little Games – Album Review». AllMusic. Henta 31. mars 2018. 
  6. Thompson, Dave. «Little Games Sessions & More – Album Review». AllMusic. Henta 31. mars 2018. 
  7. Brackett 2004, s. 893–894.
  8. Russo 1998, s. 47.
  9. Andre kjelder indikerer at Page tok i mot Most med opne armar.
  10. Russo 1998, s. 52.
  11. Russo 1998, s. 48.
  12. Koda 2001, s. 51.
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 13,6 Koda 2001, s. 47.
  14. «Top 40 Singles — 21. juni 1967». Go-Set. Henta 31. mars 2018. 
Referansefeil: <ref>-merke med namnet «FOOTNOTEClayson2002112» definert i <references> vert ikkje nytta i teksten føre.