Dazed and Confused
Dazed and Confused er ein song av Jake Holmes, som vart spela av The Yardbirds, og seinare omarbeidd av Led Zeppelin som har ein eigen opphavsrett på songen.[1]
Jake Holmes
endreDazed and Confused Song av Jake Holmes frå albumet The Above Ground Sound | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1967 | |
Sjanger | Folkrock, psykedelisk rock, psykedelisk folk | |
Lengd | 3:50 | |
Selskap | Tower | |
Komponist | Jake Holmes | |
Tekstforfattar | Jimmy Page | |
Låtskrivar(ar) | Jake Holmes |
---|
Visesongaren Jake Holmes skreiv og spela inn «Dazed and Confused» for debutalbumet sitt, "The Above Ground Sound" of Jake Holmes, som kom ut i juni 1967. Som andre songar på albumet inneheld han ikkje trommer. Songen vart spelt inn som ein trio med Holmes på gitar i tillegg til piano og vokal, Ted Irwin på gitar og Rick Randle på bass.[2][3] Songen har feilaktig vorte merka som ei soge om ein dårleg LSD-trip. Holmes har sjølv stadfesta at det ikkje er tilfellet.[4]}} I juni 2010 saksøkte Jake Holmes Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page for brot på opphavsretten, og hevda å ha skrive og spelt inn «Dazed and Confused» to år før han kom ut på debutalbumet til Led Zeppelin. I retten dokumenterte Holmes registreringa av opphavsrettten frå 1967, som vart fornya i 1995..[5]
The Yardbirds
endreUnder ein turne i 1967 i USA spelte Jake Holmes som oppvarming for The Yardbirds i Village Theater i Greenwich Village den 25. august 1967.[6] The Yardbirds var inspirerte av framføringa hans og valde å gjere sitt eige arrangement for ein ny song. Denne versjonen inneheld lange instrumentale parti med gitar spelt med fiolinboge av Jimmy Page. Page har sagt ath an fekk ideen om å nytte fiolinboge på gitaren frå fiolinisten David McCallum, Sr., då han var studiomusikar før han kom med i Yardbirds i 1966.[7] Songen vart kjapt ein fast del av konsertane til The Yardbirds det siste året dei eksisterte.
Songen vart aldri innspelt av bandet, sjølv om det finst konsertversjonar på albumet Live Yardbirds: Featuring Jimmy Page med den alternative tittelen «I'm Confused».[8]
Led Zeppelin-utgåva
endreDazed and Confused Song av Led Zeppelin frå albumet Led Zeppelin | ||
Utgjeve | 12. januar 1969 | |
Innspelt | Oktober 1968, Olympic Studios i London i England | |
Sjanger | Heavy metal, hardrock, psykedelisk rock, bluesrock | |
Lengd | 6:26 | |
Selskap | Atlantic | |
Komponist | Jake Holmes | |
Tekstforfattar | Jimmy Page | |
Låtskrivar(ar) | Jimmy Page | |
---|---|---|
Produsent | Jimmy Page |
Då the Yardbirds vart oppløyst i 1968, vart songen «Dazed and Confused» omarbeidd av Page igjen, denne gongen som medlem av Led Zeppelin. I følgje bassisten i Led Zeppelin John Paul Jones, var første gongen han høyrte songen under den aller første øvinga til bandet i Gerrard Street i London i 1968: «Jimmy spelte oss riffa på den første øvinga og sa, dette er ein song eg vil at me skal gjere.»[9] Led Zeppelin spelte inn versjon sin i oktober 1968 i Olympic Studios i London, og songen vart gjeven ut på debutalbumet Led Zeppelin i 1969.
Led Zeppelin-utgåva vart ikkje tilskriven Holmes, berre Page, som hadde skrive ny tekst og endra melodien nok til å unngå og verte skulda for plagiat.[3][10][11] Holmes gjorde ingenting då songen kom ut, men tok seinare kontakt med Page om saka.[12] I juni 2010 saksøkte Holmes Page for brot på opphavsretten.[13]
Tolkinga til Led Zeppelin starta med ein langsam bluesaktig rytme, drive fram av den fallande basslinja til John Paul Jones. Han endra så til eit raskare tempo under dei mørkaste partia av songen, igjen med gitar spelt med fiolinboge av Page, etterfølgd av ein rasande gitarsolo, før ein går attende til den opphavlege rytmen. Den sporadiske, eksplosive tromminga til John Bonham gjennom songen var med å definere krafta og intensiteten i songen, samt ein av signaturrytmane til Bonhan, Bonham-triolen, medan Robert Plant medverka med falsettvokal som passa inn med den forpinte teksten til songen.[14]
Dette var ein av tre Led Zeppelin-songar der Page nytta bogen på gitaren.
Konsertutgåve av Led Zeppelin
endre«Dazed and Confused» vart ofte mykje spela på konsertane til Led Zeppelin, særleg fram til «Whole Lotta Love» vart gjeven ut på det andre albumet. Songen vart på konsertane spelt enno langsamare, bortsett frå dei raskare partia i midten, og vart gradvis lengre og lenger (opp til 45 minuttar i 1975) med mange improviserte jammar. Han vart i starten spelt slik som på studioalbumet, men endra seg gradvis over åra. Etter kvart blanda dei òg inn bitar av andre songar inn i dei lange instrumentalpartia.
Konsertversjonar av «Dazed and Confused» finst på konsertfilmen The Song Remains the Same, Led Zeppelin BBC Sessions, How the West Was Won og Led Zeppelin DVD.
«Dazed and Confused» vart spelt på alle Led Zeppelin-turneane fram til 1975.[15] Han vart så fjerna frå konsertsettet. Han vart igjen spela på konserten for Ahmet Ertegün i O2 Arena i London den 10. desember 2007.
Kulturell innverknad
endreSongen er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.
Songen vart nytta som tittel på filmen Dazed and Confused i 1993. Regissør Richard Linklater ønskte å nytte songen i filmen, men fekk ikkje lov av Robert Plant.[16][17]
Lovord
endrePublikasjon | Land | Hyllest | År | Rangering |
---|---|---|---|---|
Rock and Roll Hall of Fame | USA | The Rock and Roll Hall of Fame's 500 Songs that Shaped Rock and Roll | 1994 | * |
Pause & Play | USA | Time Capsule Inductions - Songs[18] | 1998 | * |
NME | Storbritannia | 117 Songs to soundtrack your summer[19] | 2003 | * |
Toby Creswell | Australia | 1001 Songs: the Great Songs of All Time[20] | 2005 | * |
Pitchfork Media | USA | The 200 Greatest Songs of the 1960s[21] | 2006 | 11 |
Q | Storbritannia | The 20 Greatest Guitar Tracks[22] | 2007 | 2 |
Q | Storbritannia | 21 Albums That Changed Music - Key Track[23] | 2007 | 6 |
(*) uordna liste.
Medverkande
endreAndre versjonar
endreTilskriven Page
Albumversjonar
endre
|
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dazed and Confused (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2011.
- Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9
- Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
- ↑ Fast, Susan. In the Houses of the Holy: Led Zeppelin and the Power of Rock Music (2001): 21
- ↑ Shade, Will. «Dazed and Confused: The Incredibly Strange Saga of Jake Holmes». Henta 21. mars 2011.
- ↑ 3,0 3,1 «Review of The Above Ground Sound of Jake Holmes». Allmusic.
- ↑ Shade, Will. «A Tune's Twisted Tale» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 16. august 2009. Henta 21. mars 2011.
- ↑ Michaels, Sean (30. juni 2010). «Led Zeppelin sued for alleged plagiarism of Dazed and Confused». The Guardian (London).
- ↑ Kaufman, Michael. "Yardbirds Complete 6th Mission to Expand Young Minds in U.S." The New York Times August 28, 1967: 36
- ↑ Welch, Chris (ed.) Led Zeppelin: Dazed and Confused, the Stories Behind Every Song. (s. 23) Thunder's Mouth Press, 1998 ISBN 1-56025-188-3
- ↑ Cumular Limit CD booklet, Burning Airlines 2000
- ↑ Mat Snow, “Apocalypse Then”, Q desember 1990, s. 77.
- ↑ Hodgkinson, Will (2008). Song Man: A Melodic Adventure, Or, My Single-Minded Approach to Songwriting. s. 129.
- ↑ Schinder, Scott. Icons of Rock. s. 385.
- ↑ Cochrane, Robert (September 17, 2008). «Theft As Ownership». hippy.com. Henta 21. mars 2011.
- ↑ Led Zeppelin sued by folk singer for alleged plagiarism. New York Post
- ↑ Williamson, Nigel (2007). The Rough Guide to Led Zeppelin. London: Rough Guides Limited. ISBN 1-84353-841-5.
- ↑ Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
- ↑ http://nsfc.zap2it.com/nsfc/cda/index.jsp?p_state=8&DvdId=100068&ts=1173833040623[daud lenkje]
- ↑ Led-Zeppelin.org. «Led Zeppelin Assorted Info». Arkivert frå originalen 16. februar 2012. Henta 21. mars 2011.
- ↑ «Time Capsule Inductions: Songs - July 1998». Pause & Play. Arkivert frå originalen 15. mai 2011. Henta 21. mars 2011.
- ↑ «117 Songs to soundtrack your summer - May 2003». NME. Henta 21. mars 2011.
- ↑ Creswell, Toby (2005). «Dazed and Confused». 1001 Songs: the Great Songs of All Time (1. utg.). Prahran: Hardie Grant Books. s. 745. ISBN 9781740664585.
- ↑ «The 200 Greatest Songs of the 1960s - August 2006». Pitchfork. Arkivert frå originalen 17. mars 2015. Henta 21. mars 2011.
- ↑ «The 20 Greatest Gitar Tracks - September 2007». Q. Henta 21. mars 2011.
- ↑ «21 Albums That Changed Music: Key Track - November 2007». Q. Henta 21. mars 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- ASCAP entry Arkivert 2009-07-20 ved Wayback Machine.
- "Dazed and Confused" at ledzeppelin.com Arkivert 2009-02-24 ved Wayback Machine.