Opna hovudmenyen
Little Green Apples
Singel av O.C. Smith
frå albumet Hickory Holler Revisited
Utgjeve 1968
Sjanger Country
Lengd 3:55
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bobby Russell
Produsent Jerry Fuller[1]

«Little Green Apples» er ein song skriven av Bobby Russell. Songen vart mest suksessrik som singel for O.C. Smith i 1968.

I følgje Buzz Cason, som i lag med Bobby Russell i Nashville dreiv Rising Sons musikkforlag, skreiv Russell både «Honey» og «Little Green Apples» som «eit låtskrivareksperiment», og ante ein potensiell marknad for songar om livet med meir «kjøt på beinet i tekstane enn det som var vanleg» for hitsongar på den tida.[2] Russell skreiv «Little Green Apples» for Roger Miller og Miller gjorde den første innspelinga av songen den 24. januar 1968 i Columbia Recording Studio i Nashville, produsert av Jerry Kennedy.[3] Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet A Tender Look at Love og «Little Green Apples» gav Miller hans siste song inne på topp 10 på C&W-lista i USA og den siste topp 40-hitten hans på Hot 100 i Billboard med ein 39. plass. I Storbritannia nådde Miller sin «Little Green Apples» 19. plass våren 1968, då han òg nådde 46. plass i Australia. Våren 1969 gjekk songen igjen inn på lista i Storbritannia og nådde då 39. plass.[4]

Patti Page spelte inn «Little Green Apples» for det country-orienterte albumet Gentle on My Mind. Page-versjonen vart seinare gjeven ut som singel i juni 1968 og nådde 11. plassen på Easy Listening-lista og den siste singelen hennar inne på Hot 100 med ein 96. plass.

O. C. Smith spelte inn «Little Green Apples» i Columbia Studios LA for albumet Hickory Holler Revisited. På same albumet var hitten hans «Son of Hickory Holler's Tramp». Songen «Main Street Mission» vart gjeven ut som oppfølgjarsingelen til hitten, men som Buzz Cason sa «ein DJ i Detroit spelte albumversjonen av 'Little Green Apples' ein morgon». Dette førte til stor aktivitet på telefonlinjene om folk som ønskte å høyre denne versjonen og DJen ringde Steve Popovich, som leia marknadsføringsavdelinga for Columbia i New York,[5] og «Little Green Apples» erstatta «Main Street Mission» som singel for Smith. Smith sin versjon nådde andreplassen på både Hot 100 og R&B-lista og selde til gullplate for 1 million selde eksemplar.[6] Låtskrivaren Bobby Russell vann Grammy-prisen i 1969 for årets song og årets beste countrysong.[7]

God didn't make the little green apples
And it don't rain in Indianapolis
In the summertime

Bobby Russell (1968)

Andre versjonarEndra

Songen er spelt inn av følgjande artistar og grupper:

KjelderEndra

  1. «Biography». Jerry Fuller's official website. Henta 24. januar 2015. 
  2. Billboard vol 80 #13 (30. mars 1968) s.51
  3. http://countrydiscography.blogspot.com/2010/05/roger-miller.html
  4. «Chart appearances for the song «Little Green Apples"». the database of popular music. Henta 24. januar 2015. 
  5. Living the Rock 'N' Roll Dream : The Adventures of Buzz Cason; Hal Leonard Corp Milwaukee WI (2004) ISBN 0-634-06672-2; p.192
  6. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 248. ISBN 0-214-20512-6. 
  7. «O. C. Smith, 65, Singer-Minister Who Had a Grammy Award Hit». The New York Times. 27. november 2001. Henta 24. januar 2015. 
  8. Graff, Gary (12. september 2013). «Lily Allen duets with Robbie Williams on his new på albumet 'Swings Both Ways'». NME. IPC Media. Henta 24. januar 2015.