The Minch
The Minch (skotsk-gælisk An Cuan Sgìth, Cuan na Hearadh, An Cuan Leòdhasach), òg kalla The North Minch, er eit sund nordvest i Skottland, mellom det nordvestlege Highlands og dei nordlege Indre Hebridane frå Lewis og Harris i Ytre Hebridane. Han vart kalla «Skotlandsfjörð» («Skottlandsfjorden») på norrønt.[1]
The Minch | |||
sund | |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
The Minch 58°02′56″N 5°57′56″W / 58.0488°N 5.96558°W | |||
Kart over Hebridane som viser the Minch
| |||
Wikimedia Commons: Minch |
The Lower Minch (an Cuan Canach), òg kalla The Little Minch, ligg i sør og skil Skye frå dei sørlege Ytre Hebridane, mellom andre North Uist, Benbecula, South Uist, Barra. Sundet endar ut i Hebridesjøen. The Minch og Hebridesjøen utgjer saman med havstykket som går ned til Irland Det indre farvatnet (Inner Seas) langs vestkysten av Skottland.[2]
The Minch er mellom 30 til 70 km brei og om lag 110 km lang. Ein trur at sundet er eit resultat av den største meteoritten som nokon gong har treft Dei britiske øyane.[3] The Lower Minch er om lag 25 km brei.
Minch Project er eit samarbeid mellom Comhairle nan Eilean Siar, Highland-rådet og den skotske naturarva for å redusere forureining, minimere erosjon og søppel og fremme turisme — særleg villmarksturisme som delfinsafari — i the Minch. Forureining er til særleg uro sidan sundet er ei travel skipslei — 2,5 millionar tonn med skip passerer sundet kvar månad.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Minch» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Anderson, Joseph (Ed.) (1893) Orkneyinga Saga. Omsett av Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin og Mercat Press (1990 reprint). ISBN 0-901824-25-9
- ↑ IHO Spec. Pub. S-23 (3rd ed, 1953), Limits of Oceans and Seas, #18; also Draft 4th ed., 1986
- ↑ 'Biggest UK space impact found', BBC News.
Bakgrunnsstoff
endre- Minch project Arkivert 2007-09-26 ved Wayback Machine.