Little Red Rooster
Little Red Rooster Singel av Howlin’ Wolf | ||
B-side |
«Shake for Me» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1962 | |
Innspelt | Juni 1961, Chicago | |
Sjanger | blues | |
Lengd | 145 sekund | |
Selskap | Chess (Cat. No. 1804) | |
Komponist | Willie Dixon | |
Tekstforfattar | Willie Dixon | |
Låtskrivar(ar) | Willie Dixon |
Little Red Rooster Singel av The Rolling Stones | ||
B-side |
«Off the Hook» Jagger/Richards | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. november 1964 | |
Innspelt | 2. september 1964 | |
Sjanger | Blues | |
Lengd | 3:05 | |
Selskap | Decca F12014 | |
Komponist | Willie Dixon | |
Tekstforfattar | Willie Dixon | |
Produsent | Andrew Loog Oldham | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
«Time Is on My Side» (1964) |
Little Red Rooster | «Heart of Stone» (1964)
|
«Little Red Rooster» er ein bluessong skriven av Willie Dixon og først gjeve ut av Howlin’ Wolf som singel i 1962. Han var òg på det andre albumet hans, Howlin’ Wolf. Rock and Roll Hall of Fame har plassert songen på lista over dei 500 songane som forma rock and roll.[1]
Singelen vart spelt inn i juni 1961 i Chicago med Howlin’ Wolf (vokal, gitar), Johnny Jones (piano), Hubert Sumlin (gitar), Willie Dixon (bass) og Sam Lay (trommer).
Rolling Stones-versjonen
endreSongen vart spelt inn av The Rolling Stones og dei klarte å nå førsteplassen på den britiske singellista med songen den 3. desember 1964. Til i dag er songen den einaste bluessongen som har toppa den britiske singellista. Brian Jones spelte slidegitar på songen, som vart den siste bluessongen bandet gav ut på singel. I Noreg nådde songen sjetteplass på VG-lista.
I USA vart «Little Red Rooster» boikotta eller bannlyst av radiostasjonar på grunn av den seksuelt ladde teksten, og bandet måtte i staden gje ut «Heart of Stone» som singel her. Songen vart først gjeve ut i USA på albumet The Rolling Stones, Now! frå 1965. The Rolling Stones spelte songen fleire gonger på amerikanske TV-show i midten av 1960-åra.
Salslister
endreListe (1964–65) | Plassering |
---|---|
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[2] | 20 |
Tyskland (Media Control AG)[3] | 14 |
Irland (IRMA)[4] | 4 |
Nederland (Mega Single Top 100)[5] | 4 |
Noreg (VG-lista)[6] | 6 |
UK Singles (Official Charts Company)[7] | 1 |
Andre versjonar
endreSongen har òg vorte spelt av mange andre artistar, mellom andre Tom Petty and the Heartbreakers, Luther Allison, James Blood Ulmer, Canned Heat, The Persuasions, Sam Cooke, The Yardbirds, The Grateful Dead, The Doors, The Roosters, Otis Rush og The Jesus and Mary Chain.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Little Red Rooster» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 500 Songs That Shaped Rock and Roll
- ↑ "Ultratop.be – The Rolling Stones – Little Red Rooster" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 25. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones - Little Red Rooster". Charts.de. Media Control. Henta 25. mars 2018.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Little Red Rooster". Irish Singles Chart. Retrieved 18. juni 2016.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – Little Red Rooster" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 25. mars 2018.
- ↑ "Norwegiancharts.com – The Rolling Stones – Little Red Rooster". VG-lista. Hung Medien. Henta 25. mars 2018.
- ↑ "Chart Stats – Rolling Stones – Little Red Rooster" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 25. mars 2018.